Anders Olai Rindal (7. mai 187831. mars 1969) var ein norsk lærar og forfattar. Han var fødd i Eid kommune, gjekk amtsskulen i Florø 1896-1897 og skogskulen i Steinkjer 1901. Rindal var nokre år i Amerika før han kom heim og vart buande på heimegarden. Han arbeidde som lærar fleire stader, m.a. på Hjelle, i Botnane og i Rugsund. Rindal var medlem av kommunestyret i Eid og han var aktiv i ungdomslag.

Anders Olai Rindal
Fødd 7. mai 1878
Død

31. mars 1969 (90 år)

Yrke lyrikar

Rindal har ein stor produksjon av dikt, prologar m.m. og framhaldssoga Sterke makter i Fjordabladet.

BibliografiEndra

BøkerEndra

  • 1923 – Eit lite songhefte for ungdomslag (Sandane)
  • 1931 – Samfund og kristendom (Sandane: Eige forlag)

I tidsskrift - eit utvalEndra

KjelderEndra