Godavari (marathi गोदावरी, telugu గోదావరి) er ei elv i sentrale India. Ho spring ut i fjella i Maharashtra, i Trimbakeshwar nær Nasik og Mumbai, berre 38 mil frå Arabiahavet. I staden for å renna ut her krysser ho landet og renn ut i Bengalbukta i aust. Med ei lengd på rundt 1 450 km er Godavari den nest lengste elva i India, etter Krishnaelva.[1]

Godavari
Elv
Godavari ved byen Kovvur.
Land  India
Statar Maharashtra, Madhya Pradesh, Karnataka, Orissa, Andhra Pradesh,
Nedslagsfelt 319 808 km²
By Rajamundry
Lengd 1 450 km
Kjelde Brahmagiri-fjellet i Trimbakeshwar
Munning Antarvedi i Bengalbukta
Kart
Godavari
19°55′48″N 73°31′39″E / 19.93°N 73.5275°E / 19.93; 73.5275
Kart som viser Godavari.
Kart som viser Godavari.
Kart som viser Godavari.
Wikimedia Commons: Godavari River
Munningane til Godavari (øvst) og Krishnaelva.

Godavari har utspring i Dei vestlege Ghatfjella ved Trimbak i delstaten Maharashtra. Elva renn så i austleg retning over Deccanplatået, gjennom Maharashtra, Karnataka, Orissa og Andhra Pradesh. Nær Rajamundry, 80 km frå austkysten, delar elva seg i to og dannar eit delta. Ho munnar ut i Bengalbukta. Elva har eit nedbørsfelt på 319 808 km².[1]

Under monsuntida har elva stor vassføring, medan det øvre elveleit tørker ut vår og haust.[2] Vatnet i elva er brunfarga. Dei største sideelvene er Indravati, Pranahita, Wainganga, Wardha, Manjira, Bindusara og Sabari.[1]

Hinduprosesjon i Godavari.

Elva blir også kalla Vriddh Ganga ('Gamle Ganges') eller Dakshin Ganga ('Sør-Ganges'). Heile elva er heilag for hinduar.[2] Som alle større elvar i India finst det mange valfartsmål ved Godavari, som Triyambak, Nasik og Bhadrachalam.[1] Dei største byane langs elva er Aurangabad, Nagpur, Nizamabad, Nasik, Nanded, Balaghat, Bhadrachalam, Rajamundry og Narsapur.[3]

Før elva nar Rajamundry er ho demma opp til vasskraft.[2] Ei stor veg- og jarnbanebru over Godavari bind saman Kovvur og Rajamundry.[1] Rundt halvparten av elva blir brukt til kunstig vatning.[3] Elvedeltaet blir brukt til risdyrking.[2] Godavari er sterkt forureina, særleg av industriverksemd.[3]

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Rivers of India, nih.ernet.in
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Mahanadi River, britannica.com
  3. 3,0 3,1 3,2 «River Godavari». rainwaterharvesting.org. Henta 12. november 2006.