Andraé Crouch
amerikansk musikar
Andraé Crouch (1. juli 1942–8. januar 2015) var ein amerikansk gospelmusikar, dirigent og komponist fødd i San Francisco. Han har vorte kalla «den moderne gospelmusikkens far».[1]
Andraé Crouch | |||
| |||
Fødd | 1. juli 1942 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | San Francisco, Los Angeles | ||
Død | 8. januar 2015 (72 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1966–2015 | ||
Sjanger | gospel, rhythm and blues | ||
Instrument | piano, vokal | ||
Plateselskap | Light Records | ||
Verka som | musikkprodusent, songar-låtskrivar, komponist, filmmusikkomponist | ||
Prisar | Gospel Music Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Han er kjent for gospelsongar som «My Tribute (To God Be the Glory)», «Soon And Very Soon» og «The Blood Will Never Lose Its Power». Han gav ut sju plater saman med gruppa The Disciples og ei rekkje soloplater i løpet av karrieren sin. Han jobba også med popmusikarar, t.d. dirigerte han gospelkora på Madonna sin «Like a Prayer» og Michael Jackson sin «Man in the Mirror».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Andraé Crouch» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2015.
Fotnotar
endre- ↑ Ola Nymo Trulsen (09.01.2015). «Grammy-vinnende gospellegende er død». nrk.no.
Denne musikkartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.