Andraé Crouch

amerikansk musikar
(Omdirigert frå Andrae Crouch)

Andraé Crouch (1. juli 19428. januar 2015) var ein amerikansk gospelmusikar, dirigent og komponist fødd i San Francisco. Han har vorte kalla «den moderne gospelmusikkens far».[1]

Andraé Crouch

Fødd1. juli 1942
FødestadSan Francisco, Los Angeles
Død8. januar 2015 (72 år)
DødsstadLos Angeles
OpphavUSA
Aktiv1966–2015
Sjangergospel, rhythm and blues
Instrumentpiano, vokal
PlateselskapLight Records
Verka sommusikkprodusent, songar-låtskrivar, komponist, filmmusikkomponist
PrisarGospel Music Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Han er kjent for gospelsongar som «My Tribute (To God Be the Glory)», «Soon And Very Soon» og «The Blood Will Never Lose Its Power». Han gav ut sju plater saman med gruppa The Disciples og ei rekkje soloplater i løpet av karrieren sin. Han jobba også med popmusikarar, t.d. dirigerte han gospelkora på Madonna sin «Like a Prayer» og Michael Jackson sin «Man in the Mirror».

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. Ola Nymo Trulsen (09.01.2015). «Grammy-vinnende gospellegende er død». nrk.no. 
  Denne musikkartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.