Andrea Chénier er ein verismo-opera på fire akter skriven av den italienske komponisten Umberto Giordano, med libretto av Luigi Illica.

Andrea Chénier
OriginaltittelAndrea Chénier
SjangerVerismo, verisme, opera
MusikkUmberto Giordano
Premiere28. mars 1896
PremierestadLa Scala

Handlinga går føre seg i og rundt Paris under den franske revolusjonen og det tilhøyrande skrekkveldet. Hovudtemaet er livet til den franske diktaren André Chénier som blei giljotinert i 1794, berre 31 år gammal. Handlinga er mest fiksjon og rører i liten grad kjende faktum om diktaren.

Operaen kom til i åra 1894–1895. Illica skreiv opphavleg librettoen for komponisten Alberto Franchetti, men han valde å seia han frå seg til fordel for Giordano.

Andrea Chénier blei uroppført 28. mars 1896 på Teatro alla Scala i Milano. Same året følgde oppføringar i New York. Librettoen blei raskt omsett til tysk, og denne versjonen blei oppført 28. januar 1897 i Wrocław og 5. februar 1897 i Hamburg under leiing av Gustav Mahler. Fram til 1909 blei Andrea Chénier omsett til ei rekkje språk, som fransk, tsjekkisk, ungarsk, svensk og engelsk.

Ariar
  • Un dì all'azzurro spazio (Chénier, 1. akt)
  • Vivere in fretta (Bersi, 2. akt)
  • Eravate possente (Maddalena, 2. akt)
  • Son la vecchia Madelon (Madelon, 3. akt)
  • La mamma morta (Maddalena, 3. akt)
  • Nemico della patria (Gérard, 3. akt)
  • Come un bel dì di Maggio (Chénier, 4. akt)

Galleri

endre

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Rudolf Kloiber, Wulf Konold, Robert Maschka: Handbuch der Oper, 9. Auflage. Bärenreiter, Kassel 2002, ISBN 3-7618-1605-7.

Bakgrunnsstoff

endre