Andrea Palladio

italiensk arkitekt

Andrea Palladio, fødd Andrea di Pietro della Gondola, (30. november 150819. august 1580) var ein italiensk arkitekt.[1]

Andrea Palladio

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd november 1508
Padova
Død

ca. 19. august 1580 (71 år)
Vicenza, Maser

Yrke arkitekt, kunstteoretiker
Språk italiensk, venetiansk
Medlem av Accademia delle Arti del Disegno
Ektefelle Allegradonna
Andrea Palladio på Commons

Bakgrunn endre

Han vart fødd i Padova i republikken Venezia, og arbeida med steinhogging. Humanisten Giangiorgio Trissino såg talentet hans, og støtta han, i tillegg til å gjeva han kallenamnet «Palladio» etter Pallas Atene som er den greske gudinna for visdom. I 1541 vitja han Roma der han studerte oldtidas arkitektur, som gjorde eit djupt inntrykk på han.

Han er kjend for kyrkjene sine, palass og især villaar. Mange av bygningane hans vert funne i eller nær adoptivbyen hans Vicenza. To av Venezia sine store kyrkjer San Giorgo Maggiore og Il Redentore er teikna av Palladio.

Innverknad endre

Boka til Palladio I Quattro Libri dell'Architettura uttrykkjer hans prinsipp: forhold, symmetri, bruk av antikke modellar og attgjev bygningsteinkningar av mange av prosjekta hans. Dei var grunnlaget for palladianismen, ei viktig arkitekturrørsle i det 18. hundreåret, som beundra Palladio og freista å etterlikna arkitekturformane hans.

Arkitektar dreg ofte på pilegrimsferd til Palladio sine villaar for. inspirasjon og læring.

Boka til Witold Rybczynski The Perfect House, Det Perfekte Huset beundrar arkitekturen hans.

Verk i utval endre

Nokre av Palladio sine villaar har kome inn på UNESCO si verdsarvliste.[2]

  • Villa Badoer
  • Villa Emo
  • Villa Cornaro
  • Villa Foscari «La Malcontenta»
  • Villa Capra «La Rotonda»

Kjelder endre

  1. «Andrea Palladio | Biography, Villa Rotonda, Works, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 24. november 2022 
  2. Centre, UNESCO World Heritage, «City of Vicenza and the Palladian Villas of the Veneto», UNESCO World Heritage Centre (på engelsk), henta 24. november 2022 

Bakgrunnstoff endre

  • Andrea Palladio (2002). I Quattro Libri dell'Architettura (Engelsk oversettelse av Robert Tavernor og Richard Schofield utg.). MIT Press. ISBN 0-262-66133-0.
  • Robert Tavenor (1991). Palladio and Palladianism. Thames & Hudson. ISBN 0-500-20242-7.
  • James S. Ackerman (1966). Palladio. Penguin. ISBN 0-14-013500-6.
  • Rybczynski, Witold (2002), The Perfect House: A Journey with the Renaissance Master Andrea Palladio (på engelsk), Simon and Schuster, ISBN 978-0-7432-0586-3