Andreas Andresen

norsk politikar

Andreas Andresen (31. januar 18561936) var ein norsk typograf, kjøpmann og Venstre-politikar frå Aurskog.

Andreas Andresen
Fødd31. januar 1856
Aurskog
Død13. februar 1936 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, typograf

Far hans var gardbrukar og snikkar. Sjølv byrja han i lære hos typograf i Christiania i 1873. Han var tilsett i Steenske Bogtrykkeri i femten år. Som typograf hadde hadde fleire tillitsverv i lag for typografar. Tida 1894-1911 dreiv han ei kjøpmannsforretning i hovudstaden.

Andresen var stortingsrepresentant i valperiodane 1895-97 og 1898-1900. Han var vald inn for Venstre i valkrinsen Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger. I begge periodane var han medlem i sosialkomiteen, i den siste også av valkomiteen.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

BakgrunnsstoffEndra

  • Omtale hos Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste