Wilhelm von Hanno
Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno (fødd 15. desember 1826 i Hamburg i Tyskland, død 12. desember 1882 i Kristiania i Noreg) [1] var ein tysk arkitekt, bilethoggar, kunstmålar og grafikar som virka i Noreg og er opphavsmann til ei rekkje med viktige bygningar i Oslo og elles i Noreg, mellom anna nokre bygg på Akershus festning. Han er òg opphavsmannen til «Posthornfrimerka», det eldste frimerkemotivet i verda som er i kontinuerleg bruk, lansert første gong i 1872.[2]
Wilhelm von Hanno | |
Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno | |
Nasjonalitet | Tysk-norsk |
Statsborgarskap | Hamburg, Noreg |
Fødd | 15. desember 1826 Hamburg i Tyskland |
Død |
12. desember 1882 (55 år) |
Yrke | Arkitekt, bilethoggar, kunstmålar og grafikar |
Språk | tysk |
Medlem av | Hamburger Künstlerverein von 1832 |
Wilhelm von Hanno på Commons |
von Hanno teikna obelisken som hausten 1854 blei sett opp på Fuglenes i Hammerfest som det nordlege endepunktet for Den russisk-skandinaviske meridianbogen, i 2005 innskrive i UNESCO si verdsarvliste som Struve sin meridianboge (The Struve Geodetic Arc). Meridianbogen strekte seg frå Hammerfest til Svartehavet, og målingane blei utført i tida 1816–1855. I daglegtale blir obelisken kalla «meridianstøtta i Hammerfest».
von Hanno fullførte Trefoldighetskyrkja i Oslo i 1853–1858, påbegynt av arkitekt Alexis de Chateauneuf. von Hanno arbeidde i kompaniskap med landsmannen Heinrich Ernst Schirmer i åra 1853–1864. Saman utforma dei mange sentrale bygg i Oslo. Deira forslag til bygning for Stortinget, i tysk-gotisk stil, vann opphavleg anbodskonkurransen. [3]Samarbeidet braut saman i samband med utforminga av arkitektteikningane til Grønland kyrkje, ein konkurranse von Hanno vann.[3]
Fotnotar
endre- ↑ Wilhelm von Hanno frå Norsk kunstnerleksikon
- ↑ Ny epoke for norsk verdensrekord frå Posten arkivert utgåve
- ↑ 3,0 3,1 Schirmer og von Hanno frå arc! Arkitekturhistorie
Bakgrunnsstoff
endre- Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno www.artemisia.no