Andreas Garman Album

Andreas Garman Album (fødd 1793 i Aurdal, død 1847) var ein norsk kjøpmann og politikar som særleg var aktiv i Drammen, der han i 1837 vart den første ordføraren.

Andreas Garman Album
Fødd 1793
Død

1847

Yrke forretningsdrivande

Album kom i unge år frå Valdres til Drammen, der han slo seg opp som handelsmann på Bragernes. Han var med på skipinga av Drammmens Sparebank i 1823, og han var administrator for Noregs Bank si drammensavdeling frå 1838 til 1840. Den staselege eigedomen Album kjøpte på austsida av Bragernes torg i 1822, Albumgården, vart kjøpt av kommunen etter at Album hadde gått bort. Fram til 1866 hyste denne eigedommen Drammens rådhus.

Andreas G. Album har gjeve namn til Albums gate i Drammen.

BakgrunnsstoffEndra