Andreas Johan Hansen

Andreas Johan Hansen (14. januar 185616. mai 1902) var ein paraplymakar, forretningsførar og stortingsmann frå Bergen. Han var medlem av Venstre.

Andreas Johan Hansen
Fødd14. januar 1856
Død16. mai 1902
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Hansen var son til ein dikselmann. Sjølv vart han paraplymakar og kunstdreiar, frå 1898 fekk han stilling som forretningsførar for Bergens offentlege «arbeidsanvisningskontor». Han var medlem av bystyret frå 1882 til -96 og formann i handverkarane si foreining i Bergen.

Hansen møtte på Stortinget som 3. varamann frå Bergen både på tampen av 1896-sesjonen og 1897-sesjonen, i 1896 for Carl Berner, året etter for Jørgen Brunchorst. Periodane 1898-1900 og 1900-03 var han 1. representant frå valkrinsen. Han var 1898-1900 sekretær i sosialkomiteen, 1900-01 var han formann i same og elles medlem av valkomiteen. Til 1902-sesjonen melde han sjukdomsforfall.

Han døydde heime i Bergen den 16. mai 1902.

KjelderEndra