Andreas Kofler (fødd 17. mai 1984) er ein austerriksk skihoppar frå Innsbruck, oppvaksen i Stubaital i Tirol. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 2009/10, og fekk sølvmedalje både i storbakkerennet under Vinter-OL 2006 i Torino og i rennet i normalbakken i Ski-VM 2011 i Oslo. Kofler har dessutan vore med å vinne to OL-gull i laghopp (2006 og 2010), tre gullmedaljar i laghopp under ski-VM (2007 og 2011) og to gull i skiflygings-VM (2008 og 2012) for Austerrike. I 2012 vart han nummer tre i verdscupen i skihopping.

Andreas Kofler


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 17. mai 1984 (39 år)
Innsbruck
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 2006 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Laghopp, Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag

Utmerkingar

æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Aktiv endre

Kofler gjekk til topps i sit fyrste verdscuprenn i byrjinga av februar 2006, kort føre OL i Torino. I olympiaden hoppa han til 276,8 poeng i normalbakken, og hamna dermed 0,1 poeng bak gullvinnaren, landsmannen Thomas Morgenstern. Dei to var i eiga klasse i rennet. Seinare var dei begge med på Austerrike sitt firemannslag som vart olympiske meistrar i laghopp, eit renn som vart avvikla i storbakken.

Kofler var også med på det austerrikske laget som vann gull i laghopp i Ski-VM 2007 i Sapporo. Dei andre på laget var Wolfgang Loitzl, Gregor Schlierenzauer og Thomas Morgenstern. Også i 2008-sesongen kunne Kofler notere seg for eit VM-gull, då i laghopp under VM i skiflyging.

I den tysk-austerrikske hoppveka i 2009/10 gjekk Kofler heilt topps. Han vann på ny OL-gull i laghopp for Austerrike under vinter-OL 2010 i Vancouver. Mot slutten av OL-sesongen, 14. mars 2010, sette han ny offisiell bakkerekord med 139,5 meter i den nye Holmenkollbakken. Denne bakkerekorden forbetra han sjølv til 141 meter under Ski-VM 2011 den 5. mars 2011, då Austerrike enno ein gong vart verdsmeistrar i laghopp. I den same meisterskapen fekk Kofler sølv i normalbakkerennet i Midtstubakken i Oslo, atter ein gong bakom landsmannen Morgenstern.

Den 4. januar 2012 tok Kofler sin tiande og hittil siste individuelle siger i eit verdscuprenn. Det hende då han vann rennet i Bergisel-bakken i Innsbruck, hans heimebakke som hoppar. I alt har han tretti (10-9-11) pallplasseringar i verdscupen (2012). Kofler vann i 2012 sin sjuande VM- eller OL-tittel med austerrikske hopplag då Austerrike sigra i lagtevlinga i VM i skiflyging 2012 i Vikersund.

Verdscupsigrar endre

Nr. Dato Stad Land
1. 4. februar 2006 Willingen Tyskland
2. 29. desember 2009 Oberstdorf Tyskland
3. 28. november 2010 Kuusamo Finland
4. 19. desember 2010 Engelberg Sveits
5. 16. januar 2011 Sapporo Japan
6. 27. november 2011 Kuusamo Finland
7. 3. desember 2011 Lillehammer Noreg
8. 4. fesember 2011 Lillehammer Noreg
9. 18. dedember 2011 Engelberg Sveits
10. 4. januar 2012 Innsbruck Austerrike

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre