Andreas O. Berger

norsk politikar

Andreas Olsen Berger (5. april 183327. juni 1917), også kjend som A.O. Berger, var ein norsk gardbrukar, lekpreikar og stortingsmann frå Eidsvoll. Han representerte partiet Høgre.

Andreas O. Berger
Fødd5. april 1833
Død27. juni 1917 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Berger var son til ein gardbrukar. Han var gardbrukar på Haga i Eidsvoll frå 1864 til 1902. Tida 1867-1910 var han medlem av heradsstyret, ordførar dei siste seksten åra. Endå lengre, 1866-1910, var han med i skulestyret. Han var forlikskommissær frå 1873, presten sin medhjelpar frå 1879, og medlem av amtsutvalet. I 1906 var han utsending frå Akershus amt til kongekroninga i Trondheim i 1906.

Berger representerte Akershus amt på Stortinget frå 1889 til 1897. Heile tida var han medlem av Kyrkjekomiteen. I 1879 var han medlem av ein kongeleg kommisjonen som arbeidde med å revidere dissentarlova.

Han døydde på Dal i Eidsvoll.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff endre