Andreas Thomle
Erik Andreas Thomle (13. september 1782–23. januar 1848) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar, verftseigar og stortingsmann frå Arendal. Han var far til Iver Steen Thomle.
Andreas Thomle | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. september 1782 Arendal |
Død |
23. januar 1848 (65 år) |
Yrke | politikar, engroshandel, reiar |
Språk | norsk |
Thomle var son av ein kjøpmann i Arendal. For mellom anna å lære seg språk, oppheldt han seg utanlands, England og Frankrike. Han arbeidde deretter på kontoret hos far sin i Arendal, og sidan på eit handelskontor i København. 1807-14 var han bokhaldar på Frolands verk. I 1815 overtok han forretningane etter far sin. Han dreiv då trelast-, korn- og kolonialhandel, utreiing av skip og eigde verft.
Thomle representerte Arendal på Stortinget år 1824, 1827, 1828 og 1830. Han var i 1824 medlem av næringskomiteen og komiteen om kjøpstadskatten. Både i 1827 og 1830 var han medlem av tollkomiteen, medan han i 1827 var med i komiteen om Larvik grevskap og i 1830 på ny medlem av komiteen om kjøpstadskatten.
I 1830 flytta Thomle til Kristiania, han kjøpte og busette seg på ein eigedom på Skillebekk i Aker. Der døydde han i 1857.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Bokmålswikipedia
- Biografisk informasjon om Andreas Thomle NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv