Andreas Kjell Lund Ugland (30. desember 192518. april 2019) var ein norsk sivilingeniør, investor og skipsreiar.[1]

Andreas Ugland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. desember 1925
Grimstad
Død

18. april 2019 (93 år)

Yrke ingeniør, reiar
Far Johan Milmar Ugland

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Ugland var son av skipsreiaren Johan Milmar Ugland (1881–1960) og Sara «Sarita» Lund (1892–1981). Han gifta seg med Aud Oda Thompson (1925–2014) i 1952, og fekk tre søner, Johan Benad, Andreas Ove og Knut Axel.

Karriere

endre

Ugland vart sivilingeniør i 1949 på King's College i Newcastle. I 1951 byrja han å arbeida i Uglands Rederi, som faren åtte. Då faren døydde i 1960, overtok han Uglands Rederi som hovudaksjonær saman med broren Johan Jørgen Ugland med 26 prosent av aksjane kvar. I 1966 oppretta han reiarlaget Ugland Management Co. Han gjekk ut av reiarverksemda i 1996, og han og kona delte formuen med dei tre sønene sine.

Han sat i styret i Det Norske Veritas, Lloyd's of London og American Bureau of Shipping. Han var òg visepresident i Norges Rederiforbund, og president i organisasjonen Intertanko.

Heidersteikn

endre

Kjelder

endre
  1. «Tidligere skipsreder Andreas Ugland er død». Dagens Næringsliv. 23. april 2019. Henta 23. april 2019. 
  2. Andreas Ugland and Jacob Stolt-Nielsen receive honorary doctorates, Intertanko, Weekly News, No. 06/2008, 8. februar 2008.

Litteratur

endre
  • Birger Dannevig: Ugland. Skipsbyggere – skipsførere – skipsredere gjennom 200 år, Grimstad 1973
  • Gunnar Nerheim; Kristin Øye Gjerde: Uglandrederiene, verdensvirksomhet med lokale røtter, Grimstad 1996

Bakgrunnsstoff

endre