Grimstad kommune

kommune i Noreg

Koordinatar: 58°18′13″N 008°30′45″E Grimstad er ein kystkommune i Agder fylke. Kommunen grensar til Arendal i aust, Froland og Birkenes i nord og Lillesand i vest. Grimstad fekk bystatus i 1816. I 1971 vart dei tidlegare kommunane Landvik og Fjære slengne saman med Grimstad.

Grimstad kommune
kommune
Grimstad 078.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Grimstad
Areal 304 km²
 - land 273 km²
 - vatn 31 km²
Folketal 23 544 (1. januar 2020)
Målform bokmål
Ordførar Beate Skretting[1] (H)
Kommunenr. 4202
NO 4202 Grimstad.svg
Wikimedia Commons: Grimstad
Nettstad: www.grimstad.kommune.no

Byen er kjend for sin vene skjergard og for sitt unike teater i eit steinbrot i Fjæreheia. Teateret vert drive av Agder teater og vart opna i 1993. Her er over 1000 sitjeplassar.

I 1953 vart den fyrste plastbåten i Noreg produsert og sjøsett av Herbert Waarum (plastbåten sin far). Seinare kom firmaet Herwa plast i Grimstad.

I 2002 vart mikrobryggeriet Nøgne Ø stifta, bryggeriet har motteke ei rad prisar for sitt øl.

Grimstad er òg kjend for at forfattaren Roald Dahl budde her delar av somrane han var i Noreg. Han budde då på Strand hotellFevik aust i kommunen.

Avisa i byen heiter Grimstad Adressetidende og kjem ut tre gonger i veka.

TettstaderEndra

Folk tilknytte GrimstadEndra

BakgrunnsstoffEndra

  1. «Ordfører Beate Skretting». www.grimstad.kommune.no. Grimstad kommune. Henta 1. november 2019.