Dagens Næringsliv
Dagens Næringsliv er ei norsk dagsavis som kjem ut i Oslo, og som i hovudsak satsar på nyhende om økonomi, politikk, nærings- og samfunnsliv. Avisa vart stifta i 1889 som eit organ for shipping-bransjen under namnet Norsk Sjøfartstidende, kom med første utgåva 1. januar 1890 og skifta namn til Norges Handels og Sjøfartstidende i 1912.
Dagens Næringsliv | |||
Type | Økonomiorientert dagsavis | ||
---|---|---|---|
Format | Tabloid | ||
Oppretta | 1890 | ||
Første trykk | 1889 | ||
Målform | Bokmål | ||
Eigarskap | Norges Handels- og Sjøfartstidende AS (100%) | ||
Opplag | 79 637 (2014) | ||
Redaksjonskontor | Grev Wedels plass 9 | ||
Postnummer | PB 1182 Sentrum 0107 | ||
Stad | Oslo | ||
Ansvarleg redaktør | Amund Djuve (2006) | ||
Politisk redaktør | Stein B. Hauglid (2006) | ||
Feature-redaktør | Gry Egenes (2006) | ||
Produksjonsredaktør | Asgeir Sektnan (2006) | ||
Nettstad | Dn.no |
Avisa utvida sin redaksjonelle profil under namnet Dagens Næringsliv i 1980 og har i dag korrespondentar i seks utanlandske og fire norske byar i tillegg til hovudredaksjonen i Oslo.
Avisa er lett attkjenneleg då den vert trykt på rosa papir.
Dagens Næringsliv er ein del av konsernet Norges Handels og Sjøfartstidende.
Tidlegare redaktørar
endre- Amund Djuve 1999-
- Kåre Valebrokk 1985-1999
- Sjøkaptein Magnus Andersen (1890-1894)
Opplagstal
endreUtvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 71 364
|
2002 | 70 092
|
2004 | 70 515 |
2005 | 74 248 |
2006 | 76 584 |
2007 | 81 391 |
2008 | 82 775 |
2009 | 79 628 |
2010 | 80 559 |
2014 | 79 637 |
Kjelder
endre- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.