Andrea Engelbert Wilks (30. november 188412. november 1953) var ein svensk pioner innanfor den samiske foreiningsrørsla og gjenpplivar av den tradisjonelle samiske tinntrådsløyden.

Andreas Wilks
Statsborgarskap Sverige
Fødd 30. november 1884
Vilhelmina församling
Død

12. november 1953 (68 år)
Q31886816

Yrke politikar
Språk svensk

Oppvekst

endre

Andrea Wilks var fødd i Dikanäs som son av fjellsamane Lars Tomasson Wilks og Kristina Nilsdotter Gorek ifrå Vilhelmina. I 1900 gav dei seg med reindrit og flytta til Fredrika. Etter ein skulegang på seks semester ved skulen til det svenske misjonsselskapet i Bäsksele arbeidde Andrea Wilks som dreng og gjetargut for den bufaste befolkninga i Fredrika, før han flytta til heimtraktene til foreldra. I 1908 fekk han arbeid innan reindrifta til ein slektning i Dikanäsområdet.[1]

Samepolitisk pioner

endre

Andreas Wilks blei tidleg engasjert i den gryande samiske organisasjonsrørsla. I 1906 blei han sekretær i den fyrste sameforeininga i Sverige, Fatmomakke lappförening. I 1913 følgde han Hans Magnus Nilsson som leiar for foreininga, som i 1912 bytta namn til Vilhelmina och Åsele lappars enskilda arbetsförening. Han hadde leiarstillinga fram til 1948. Andreas Wilks arheidde òg for danninga av lokale sameforeiningar, til dømes i Ammarnäs og Tärna. Han var òg samepolitisk aktiv på riksplan, og prøvde mellom anna å motverka skiljet mellom bufaste og reindriftssamar som var blitt innført i den svenske reinnæringslova på byrjinga av 1900-talet.[1]

Frelsesarmeen

endre

I 1915 gjekk Andreas Wilks gjennom ei personleg krise og gjekk deretter inn i Frelsesarmeen. Våren 1918 byrja han utdanninga si ved Frälsningsarméns krigsskola i Stockholm. Deretter verka han som mobil samemisjonær i Jämtland og sørlege Lappland med base i Dorris i Vilhelmina sokne. I 1926 gifta han seg med nybyggardottera Syrene Hermansson, og to år seinare blei han utnemnd til befalhavande offiser i det nye frelsesarmekorpset i Kjelefjell. Han tenstegjorde som korpssjef fram til han gjekk av med pensjon i 1942, og flytta då saman med kona si til heimbyen hennar Grundfors nordvest for Fatmomakke.[1]

Forkjempar for tinntrådsløyd

endre
 
Brodert barmklede frå Åsele i Västerbotten, frå Mönsterbok för lapsk hemslöjd i Västerbottens län.

Allereie i ungdommen hadde Andreas Wilks interessert seg for det tradisjonelle samiske tinntrådbroderiet, som i stor grad hadde forsvunne ved byrjinga av 1900-talet. Han studerte broderte gjenstandar, oppspora gamle reiskapar som var blitt nytta for tråddraging og intervjua gamle menneske om korleis sløyden hadde gått for seg. Kring 1905 byrja han sjølv å eksperimentera med tinntraddraging og seinare òg brodering. Andreas Wilks blei ein sterk forkjempa for tinntrådsløyden og heldt talrike kurs over heile det samiske området i åra 1925–1951. Kona Syrene blei òg ho ei dugande tinntrådutøvar, det same blei bror til Wilks, Lars, og kona hans Sanna (syster til Syrene). Dei dokumenterte ei mengd gamle mønster som seinare blei samla i Mönsterbok för lapsk hemslöjd i Västerbottens län.[1]

Wilks døydde i 1953 på Hällnäs sanatorium.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Hallencreutz, Carl Fredrik; Lindin Leif, Rydving Håkan: Andreas Wilks: samepolitiker och salvationist, Västerbottens läns hembygdsfören., Umeå 1983, Acta Bothniensia occidentalis, 0347-8114 ; 7 (svensk). Libris 8206791. 

Bakgrunnsstoff

endre
  • Egberg, Erik: Med tvåfaldigt uppdrag: fjällmissionären Andreas Wilks levnadshistoria upptecknad, Frälsningsarméns handelsdepartement, Stockholm 1949 (svensk). Libris 1395725. 
  • Hampusson Huldt, H.: Mönsterbok för lapsk hemslöjd i Västerbottens län., Schmidts boktryckeri, Hälsingborg 1920 (svensk). Libris 1219571.