Opna hovudmenyen

Andrej Sjarhejevitsj Krautsjanka (fødd 4. januar 1986) er ein kviterussisk tidlegare mangekjempar frå Petrykau i Homjel voblasts i Kviterussland. Han vart europameister i tikamp i 2014 og vann OL-sølv i same øvinga i 2008.

Andrej Krautsjanka

Andrei Krauchanka Barcelona 2010.jpg

Statsborgarskap Kviterussland
Fødd 4. januar 1986
Pietrykaŭ District
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

År 2007 vann Krautsjanka meistermøtet i tikamp iGötzis, han sanka 8 617 poeng og sette ein personleg rekord som vart hans endelege. Seinare same sommaren vart han diskvalifisert på 100-meteren i tikampen ved VM i Osaka og spolerte heile tevlinga. Året etter heldt han med sine 8 551 poeng unna for kubanaren Leonel Suárez og tok sølvmedaljen i tikampen under dei olympiske leikane i Beijing, vinnaren Bryan Clay frå USA var i ei heilt eiga klasse.

Etter å ha vorte tredjemann ved EM 2010, var Krautsjanka mykje plaga av skadar i 2011 og -12. I 2014 kom han tilbake i gammalt toppslag og sikra seg sigeren i europameisterskapen i Zürich med 8 616 poeng, eitt poeng under sitt personbeste frå 2007.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra