Opna hovudmenyen

Andrew Love (21. november 194112. april 2012) var ein saksofonist frå Memphis i Tennessee, mest kjend som medlem i The Memphis Horns.

Andrew Love
Fødd 21. november 1941
Memphis
Død

12. april 2012

Yrke musikar, saksofonist

Love vart fødd i Memphis og byrja interessa for musikk i baptistkyrkja der faren var pastor. Han tok musikkutdanning ved Langston University i Oklahoma og kom attende til Memphis i 1965, der han byrja å spele ved Stax Records i lag med trompetisten Wayne Jackson. Dei to skapte signaturstilen for blåsarane ved Stax på hitsongar av Otis Redding, Sam & Dave og andre.

Etter fleire innspelingar ved Stax, start han og Jackson og kalle seg The Memphis Horns og byrja som frilansarar. Love og Jackson spelte i studio for musikarar som Neil Diamond, Elvis Presley og Dusty Springfield. Duoen turnerte òg med The Doobie Brothers, Jimmy Buffett, Robert Cray og mange andre.

I 2002 fekk Love diagnosen Alzheimers sjukdom og han trekte seg attende frå musikkindustrien året etter. Han døydde i 2012, 70 år gammal.[1]

Al Bell, medeigar i Stax Records, sa «Eg elskar saksofonistar, og eg har mange saksofonistar eg beundrar og heldt høgt. Men eg har aldri høyrt ein saksofonist som påverkar med og grip meg som Andrew Love. Det var anda i han, og du kunne føle det i musikken. Han kunne bringe fram dei djupaste kjenslene dine, men han gjorde det forsiktig. Det var som om han elska med sjela di.» [2]

KjelderEndra