Andrine

kvinnenamn

Andrine er eit kvinnenamn, danna av Andreas, som tyder 'mann', og den kvinnelege namneendinga -ine. Namnedagen blir feira 3. juli i Noreg.

Namnet er mellom anna kjend i Danmark og Noreg. Det var mykje brukt på 1600- og 1700-talet, særleg på Austlandet, Nord-Noreg og i Møre og Romsdal,[1] men gjekk nesten ut av bruk i løpet av 1900-talet.[2] Bruken tok seg med eitt kraftig opp mot slutten av hundreåret, før han minka igjen rundt byrjinga av 2000-talet. 1. januar 2004 var det 978 kvinner som hadde Andrine som første fornamn i Noreg. I 2015 var talet stige til 1 596.[3] I Danmark er namnet derimot særs sjeldan, med 6 namneberarar i 2015.[4]

Namneberarar

endre

Annan bruk

endre

Liknande namn

endre
  • Andrea
  • Andreana
  • Andrette
  • Andri, Andria, Andriana
  • Andrielle
  • Andrienne
  • Andrietta

Kjelder

endre
  1. Søk i folketeljingar ved Arkivverket, arkivert frå originalen 26. juli 2014, henta 20. april 2015 
  2. «Historisk utvikling: Andrine (graf)», ssb.no
  3. Søk etter norsk namnestatistikk for Andrine ved Statistisk Sentralbyrå
  4. «Hvor mange hedder...», Danmarks Statistik, dst.dk