Andreas
Andreas er eit mannsnamn avleidd av det greske ordet andrós som er genitivforma av anér, 'mann'. Andre former av namnet er Anders, engelsk Andrew, fransk André, spansk Andres, samisk Ante og finsk Antti. Kvinnelege former er Andrine og Andrea, det sistnemnde er også mannsnamn på nokre språk.
Bruken av namnet i Noreg
endreAndreas har vore bruka som mannsnamn i Noreg frå 1100-talet. Etterkvart vart det mest brukt i forma Anders, men dei siste hundre åra har forma Andreas blitt vanlegare att.
- I folketeljinga 1801 var det ca. 4 800
- I folketeljinga 1900 ca. 26 100
- I 2007 var det om lag 18 400 som heiter Andreas.
Frå ca. 1980 og framover har det vore eitt av dei mest populære døypenamna, med ein foreløpig topp i 1994. Andreas har vore blant dei ti mest populære døypenamna i Noreg i alle år frå 1983 til 2006, og var det mest populære av alle i 1997.
Andreas er elles eit svært mykje bruka namn i Tyskland.
Namnet Andreas i Bibelen
endre- Fiskaren Andreas, bror til Peter, sidan Jesu apostel. Det har vorte fortalt at Andreas leid martyrdauden på ein andreaskross. Andreaskrossen er elles bruka i mellom anna det skotske flagget.
Kjende personar med namnet
endre- Christian Andreas Doppler (1803–1853), austerriksk fysikar og matematikar som har gitt namn til Dopplereffekten
- Andreas Aarflot (f. 1928), teolog og biskop
- Andreas Baader (1943-1977), tysk anarkist, medlem av Rote Arme-Fraktion
- Andreas Katsulas (1946–2006), amerikansk skodespelar kjend for rolla som ambassadør G'Kar i TV-serien Babylon 5
- Andreas Gursky (f. 1955), tysk fotograf
- Andreas Wiig (f. 1981), norsk snøbrettkøyrar
- Andreas Thorkildsen (f. 1982), norsk friidrettsutøvar
Kjelder
endre
- Søk etter norsk namnestatistikk for Andreas hjå Statistisk Sentralbyrå
- Olav Veka 1991: Namneboka (Det Norske Samlaget)
- Folketeljingar på Digitalarkivet