Andromedagalaksen

(Omdirigert frå Andromeda-galaksen)

Andromedagalaksen (katalogisert M31 og NGC 224, òg kalla Andromedatåka) er den næraste spiralgalaksen til Mjølkevegen. Han ligg i omtrent 2,5 millionar lysår unna i stjernebiletet Andromeda og er det fjernaste objektet[1] og den einaste galaksen[2] som kan sjåast med det blotte auga.

Spitzer Space Telescope-bilete av Andromedagalaksen i den infraraude delen av det elektromagnetiske spekteret.

Galaksen er omtrent 260 000 lysår på tvers og inneheld omtrent éin billion stjerner; til samanliking er Mjølkevegen 100  000 lysår på tvers og inneheld eit par hundre milliardar stjerner.[3]

Han var oppført i stjernekatalogen til Al-Sufi på 900-talet, og vart observert med teleskop første gong av den tyske astronomen Simon Marius i 1612. Spiralstrukturen vart påvist av den britiske amatørastronomen I. Roberts i 1888. Avstanden, som nå blir rekna til 0,7 mill. parsec (2,2 millionar lysår), vart først avgjort av Edwin Hubble i 1924 ut frå kefeidar i spiralarmane.

Andromedagalaksen har fem elliptiske dverggalaksar som satellittar.

Ein reknar med at Andromedagalaksen vil kollidera med Mjølkevegen om nokre milliardar av år.[4]

Kjelder endre

  • Andromedagalaksen. (3. november 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.
  1. «Andromeda Galaxy», artikkel Philip's Encyclopedia s. 14-15
  2. «Andromeda Galaxy Shines in Spitzer's Eyes» Arkivert 2008-07-25 ved Wayback Machine. - offisiell pressemelding frå JPL
  3. «Andromeda Adrift in Sea of Dust in New NASA Image» - offisiell NASA-pressemelding
  4. «Galactic merger to 'evict' Sun and Earth» Arkivert 2008-10-10 ved Wayback Machine. - Artikkel hos New Scientist Space
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.