Andvord gard er ein gard i Lom kommune i Innlandet. Han ligg fremst under Lomseggi ved innløpet til Bøverdalen.[1]

Garden var tingstad i fleire hundre år og var lenge eit av dei største bruka i området med 17 til 18 husmannsplassar. Anlegget er i dag ope for kurs, selskap og overnatting etter at det har vorte fullstendig restaurert.[2] Delar av byggverka på garden er frå 1700-talet.

Andvord gard fekk prisen Olavsrosa i juni 2012, etter at brørne Michel og Richard Andvord gjennomførte ei omfattande restaurering av garden.[2]

Kjelder endre

  1. Historiebok - Andvord gard i Lom Arkivert 2008-10-12 ved Wayback Machine. Vitja 2. september 2013
  2. 2,0 2,1 Bjarne Bekkeheien Aase (14. juli 2012). «Brør har brukt over 20 millionar på slektsgard». Nationen. Henta 2. september 2013. 

Bakgrunnsstoff endre