Andy Cole

britisk fotballspelar

Andrew Alexander Cole, kjend som Andy Cole, (fødd 15. oktober 1971) er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar fødd i Nottingham. Tida 1990-2008 var han aktiv i 12 ulike engelske fotballklubbar på nivå ein eller to i seriesystemet. Cole er særleg kjend for dei sju åra, 1995-2001, i Manchester United-drakt, der han mellom anna var med å vinne Meisterligaen 1999.

Andy Cole

Aeroflot Manchester United Trophy Tour in Tokyo (13047502155).jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 15. oktober 1971
Nottingham
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

AktivEndra

Cole slo gjennom i Newcastle United, ein klubb han spelte på frå februar 1993 til januar 1995. På 70 kampar skåra han heile 55 mål for Newcastle og var toppskårar i Premier League 1993/94. 10. januar 1995 vart Cole overført til Manchester United, mot 7 millionar engelske pund, ein då rekordhøg sum for ein engelsk fotballspelar. Med Manchester United vann han ligaen fem gongar, FA-cupen to gongar og Meisterligaen 1999.

Cole spelte 15 landskampar på Englands landslag, ofte som innbytar. Hans einaste landslagsmål kom i sluttsekunda då England i mars 2001 vann 3-1 over Albania i ein VM-kvalifiseringskamp i Tirana.

Heilt på tampen av året 2001 gjekk turen frå Manchester United til Blackburn Rovers, mot eit vederlag på 8 millionar pund. Allereie 24. februar 2002 opplevde Cole høgdepunktet med Blackburn, i ligacupfinalen mot Tottenham Hotspur vart han matchvinnar med si 2-1-skåring. Frå sommaren 2004 spelte han ein sesong i kvar av klubbane Fulham FC, Manchester City og Portsmouth FC. Cole la opp i november 2008, han spelte til dess for Nottingham Forest.

MerittarEndra

  • Vinnar av meisterligaen: 1999 med Manchester United
  • Vinnar av Premier League: 1996, 1997, 1999, 2000 og 2001 (5) med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1996 og 1999 med Manchester United
  • Vinnar av ligacupen: 2002 med Blackburn Rovers

KjelderEndra