Anfinnsbrue
bru i Dovre kommune
62°10′26.45″N 9°25′54.71″E / 62.1740139°N 9.4318639°E Anfinnsbrue, Anfinnsbrua eller Arnfinnsbrua ligg ved Dovregubbens Hall nær Vålåsjø på Dovrefjell. Brua vart bygd rundt 1820 over osen mellom Vålåsjøen og Avsjøen, Anfinns-osen, og er ein del av den gamle Trondheimsvegen. Brua er ei steinkvelvbru, og ansvarleg for bygginga var Paul Paulsson Tofte, brukaren på Tofte på Dovre. Paul Paulsson var ansvarleg for bygginga også av Steinkvelvbrua over elva Jora mellom Lesja og Dovre, og over elva Ula i Sel. Begge desse bruene vart sprengde under siste krigen. Prefikset Anfinn på brua og elveosen, kjem av at det på 1700-talet var ein person med dette namnet som prøvde å busette seg i dette området.
Bakgrunnsstoff
endre- Dittdistrikt.no om brua Arkivert 2015-04-22 ved Wayback Machine.
- Visitnorway.no om brua[daud lenkje]