Angelika Cichocka
Angelika Cichocka (fødd 15. mars 1988) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar som i 2016 vart europameister på 1500 meter.
Angelika Cichocka | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 15. mars 1988 (36 år) Kartuzy |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Aktiv
endreCichocka deltok på 800 meter både i EM i friidrett 2010, EM i friidrett 2012 og EM i friidrett 2014, utan å kvalifisere seg til finale nokon av gongane. I 2015 sette ho personleg rekord på 1500 meter på 4.03,0 i Roma. Under VM i friidrett 2015 i Beijing enda ho som nummer 8 på 1500 meter. På tampen av sesongen sprang ho i Rieti for fyrste gong 800 meter under to minutt, tid 1.59,55. I juni 2016 spurta ho inn til siger på 1500 meter ved europameisterskapen i Amsterdam, vinnartida 4.33.0 fortel om eit løp i gjennomgåande lågt tempo. 1. juli 2017 noterte ho seg for livsbeste 4.01,0 i eit stemne i Paris. Vel fem veker seinare kom ho på sjuandeplass på 1500 meter i VM-finalen på 1500 m i London. Seks dagar etter vart ho nummer 6 på 800 m, klokka i mål på tida 1.58,41, hennar aller beste på distansen. I europameisterskapen 2018 rauk ho ut i semifinalen på 800 m.
Cichocka vart nummer 2 på 800 m i hall-VM 2014, samt på 1500 meter i hall-EM 2015. Ho var polsk meister på 800 meter i åra 2011-13, 2016-17, og 1500 m i 2011, 2014 og 2016.
Kjelder
endre- Angelika CICHOCKA | Profile | World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Angelika Cichocka» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2023.