Opna hovudmenyen

Angelina Jolie (fødd 4. juni 1975) er ein USA-amerikansk skodespelar. Ho har fleire gonger blitt kåra til den høgast betalte skodespelarinna i Hollywood.

Angelina Jolie
Angelina Jolie 2 June 2014 (cropped).jpg
Fødd 4. juni 1975
Los Angeles
Yrke filmskodespelar, filmregissør, filmprodusent, modell, stemmeskodespelar, manusforfattar, dagbokskrivar, karakterskodespelar, fjernsynsskodespelar, skodespelar, produsent
Angelina Jolie på Commons
Angelina Jolie i Moskva i 2010 på premieren til Salt.

BiografiEndra

Angelina Jolie tilbrakte oppveksten i Los Angeles, bortsett frå fem år då familien hennar budde i New York. Jolie kjem frå ein skodespelarfamilie. Både faren, Jon Voight, mora og broren er meir eller mindre kjende skodespelarar. Angelina Jolie spelte si fyrste filmrolle som sjuåring i Lookin' To Get Out (1982) som Jon Voight hadde produsert. Neste film ho spelte i var Cyborg 2 i 1993, og den fyrste Hollywood-filmen ho spelte i var Hackers frå 1995. Herifrå gjekk det oppover med karrieren hennar. I 1997 vann ho sin fyrste Golden Globe-pris for rolla si i filmen George Wallace, og i 1999 fekk ho sin fyrste og så langt, einaste Oscar; for rolla si i Girl, Interrupted. I 2000 spelte ho i Gone in Sixty Seconds saman med Nicolas Cage.

I 2001 spelte Jolie hovudrolla i action-filmen Lara Croft: Tomb Raider som var basert på dataspelet Tomb Raider, som vart svært populær internasjonalt. Oppfylgjaren kom allereie i 2003. I 2004 spelte ho inn ei av stemmene i animasjonsfilmen Stor ståhai, noko ho har halde fram med i filmane om Kung Fu Panda. I 2005 spelte ho saman med Brad Pitt i actionfilmen Mr. & Mrs. Smith. Dei siste åra har ho m.a. spelt i Changeling (2008) og Salt (2010).

Angelina Jolie har tidlegare vore gift med skodespelarane Jonny Lee Miller og Billy Bob Thornton, men er no sambuar med Brad Pitt som ho har tre biologiske og 3 adopterte born saman med.

Filmografi (utval)Endra

KjelderEndra