Angelit

Angelit, tidlegare kalla Angelin tytöt (Aŋŋel nieiddat), er ei finsk samisk folkemusikkgruppe skipa av systrene Ursula og Tuuni Länsman i 1989. Historia til gruppa kan likevel førast tilbake til 1982, då Eino Ukkonen, finsklæraren til Ursula og Tuuni Länsman, tok dei og nokre klassekameratar med for å synga på ein samisk festival i Utsjoki. I 1987 gav gruppa ut sin fyrste ikkje-kommersielle kassett som var spelt inn saman med Mari Boine.

Angelit
Angelit at Faces X (965535898).jpg
Angelit ved Faces X i juli 2007
Aktiv1989–
Sjangerfolkemusikk

I 1989 omkom eit av medlemmen frå gruppa i ei bilulukke, og gruppa blei oppløyst. Ursula og Tuuni skipa saman med Ulla Pirttijärvi ei gruppe dei kalla Angelin tytöt, 'jenter frå Angeli', etter landsbyen Angeli i Enare nord i Finland der dei voks opp. Ulla syng på det fyrste albumet deira, Dolla, og har hatt sin eigen musikkarriere etter å ha gått ut av gruppa.

Gruppa endra namn til Angelit i 1997 på grunn av problem med mange ulike omsetjingar av «Angelin tytöt».

MedlemmerEndra

  • Tuuni Länsman (vokal)
  • Ursula Länsman (vokal)
  • Alfred Häkkinen (byrja i 1994; gitar og trommer)
  • Samuli Kosminen (byrja i 1999; perkusjon)
  • Mamba Assefa (byrja i 1999; perkusjon)
  • Kimmo Kajasto (byrja i 1999; keyboard, programmering, atmosfære)

Tidlegare medlemmerEndra

  • Ulla Pirttijärvi (vokal)
  • Jonne Järvelä (frå Korpiklaani)

UtgjevingarEndra

AlbumEndra

Som Angelin tytöt:

  • Dolla ('Eld', 1992)
  • Giitu ('Takk', 1993)
  • Skeaikit ('Latter', 1995)
  • The Voice of the North (1997) - samling av dei tre tidlegare albuma

Som Angelit:

  • Mánnu ('Månen', 1999)
  • Reasons (2003)

SamarbeidEndra

Alle bortsett frå Final Fantasy-samarbeidet blei laga saman med gruppa Waltari.

  • Final Fantasy V Dear Friends (1993)
  • So Fine! (1994)
  • So Fine 2000 (2000)
  • Channel Nordica (2000)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra