Korpiklaani
Korpiklaani (finsk for 'Skogsklan') er eit finsk folk metal-band som blei stifta av Jonne Järvelä i 1993 under namnet Shaman. Shaman endra namn til Korpiklaani i 2003, og endra samtidig vokalstil. Tidlegare hadde Järvelä joika, men no blei vokalen ei meir naturleg roping.
Korpiklaani | |||
| |||
Opphav | Lahtis i Finland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1993– | ||
Sjanger | Folk metal | ||
Plateselskap | Nuclear Blast, Napalm Records | ||
Medlemmer | Jonne Järvelä Kalle «Cane» Savijärvi Jarkko Aaltonen Jaakko «Hittavainen» Lemmetty Juho «JuhoKusti» Kauppinen Matti «Matson» Johansson |
Korpiklaani syng på både finsk og engelsk. Fleire av songane til gurppa handlar om alkohol og festing, med songtitlar som «Beer, Beer», «Vodka», «Wooden Pints», «Happy Little Boozer» og «Tequila».
Jonne Järvelä har også joika for Finntroll på albumet Jaktens Tid.
Medlemmer
endreUnder namnet Shaman var Jonne Järvelä det einaste faste medlemmet
Dagens medlemmer
endre- Jonne Järvelä – Vokal og gitar (tidlegare også joik, sjamantromme og annan perkusjon)
- Kalle «Cane» Savijärvi – Gitar
- Jarkko Aaltonen – Bass
- Jaakko «Hittavainen» Lemmetty – Fiolin
- Juho «JuhoKusti» Kauppinen – Trekkspel
- Matti «Matson» Johansson – Trommer
Gjestemusikarar for Shaman
endre- Samu Ruotsalainen – Trommer og ekstra bass
- Hosse Latvala – Trommer
- Veera Muhli – Keyboard
- Toni Nãykki – Elektrisk gitar
- Henri «Trollhorn» Sorvali – Keyboard
- Janne G`thaur – Bass
- Tero Piirainen – Gitar, keyboard og støttevokal
- Juke Eräkangas – Trommer, keyboard og støttevokal
- Ilkka Kilpeläinen – Bass og støttevokal
Utgjevingar
endreUnder namnet Shaman
endre- Ođđa Máilbmi (Single, 1998)
- Idja (1999)
- Shamániac (2002)
Under namnet Korpiklaani
endre- Spirit of the Forest (2003)
- Voice of Wilderness (2005)
- Tales Along This Road (2006)
- Tervaskanto (2007)
- Korven Kuningas (2008)
- Karkelo (2009)
- Ukon Wacka (2011)
- Manala (2012)
- Noita (2015)
- Kulkija (2018)
- Jylhä (2021)
- Rankarumpu (2024)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Korpiklaani» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2022.