Angell Landmark
norsk politikar
Michael Angell Jakobus Landmark (27. juli 1867–27. juni 1939) var ein norsk lensmann og stortingsmann frå Ålesund.
Angell Landmark | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. juli 1867 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Angell Landmark på Commons |
Far til Landmark var kjøpmann i Ålesund til dess han fekk stilling som lensmann i Aure. Sjølv arbeidde Angell Landmark i handelsnæringa i heimbyen til 1892. Der etter var han lensmannsbetjent i Aure til han i 1902 tok over lensmannsombodet i distriktet etter faren. Landmark var elles medlem i Aure heradsstyre frå 1901 og i representantskapen til Nordmøre Dampskibsselskaps. Han var òg formann i Nordmøre jarnbanekomité for Surnabanen og medlem av Romsdals amts jernbanekomité 1903–14. Valperioden 1916-18 representerte han Nordre Nordmør krins på Stortinget, vald på eit Venstre-program.
Kjelder
endre- Stortingsbiografi Arkivert 2017-09-12 ved Wayback Machine.