Ankervegen i Oslo og Bærum

Ankervegen er ein om lag 20 km lang veg som Peder Anker fekk bygd mellom jarnverket Bærums Værk i Bærum og staden Hammeren i Maridalen i Oslo tidleg på 1790-talet for å lage ein transportåre mellom jarnverket hans og ein vasskraftdriven stangjarnshammar, Maridalshammeren, som fossane i Skjærsjøelva frå Skjærsjøen til Maridalsvannet dreiv. Denne hammaren smidde ut jarnet til stenger som vart råemne for spiker og anna. Eit kraftverk nyttar no det same fallet.

Ankervegen ved Grini
Foto: Ole Anders Flatmo

Ankervegen krysser grensa mellom kommunane Oslo og Bærum ved Bogstad. Somme parti av vegen er freda, og i vår tid er nokre av dei attverande partia nytta som turvegar og stengde for motorisert ferdsle. Ikkje minst strekninga i Nordmarka mellom Sognsvann og Hammeren er ein mykje nytta turveg og skiløype.

Litteratur endre

  • Christensen, Trygve: Ankerveien – Greveveien – Krokskogveien – langs gamle ferdselsveier gjennom Oslomarka. Cappelen. 1995. ISBN 978-82-02-15492-9, ISBN 82-02-15492-8
  • Olav Harlem: Tur i Asker og Bærum. Skiforeningen og Budstikka Media. 2006.
  Commons har multimedium som gjeld: Ankervegen i Oslo og Bærum