Ankylosaurus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Overorden: Dinosaurar Dinosauria
Orden: Ornithischia
Underorden: Thyreophora
Infraorden: Ankylosauria
Familie: Ankylosauridae
Slekt: Ankylosaurus
Brown, 1908

Ankylosaurus var ein pansra dinosaur i ordenen Ornitischia og familien Ankylosauridae.

Trass i at dette er den mest illustrerte ankylosauren, er han på ingen måte den best kjende. Det er berre funne nokre få brukbare eksemplar, så rekonstruksjonane er usikre.

Ankylosaurus hadde ein ganske låg og brei kropp, med korte bein (frambeina langt kortare enn bakbeina) og kort hals. Ryggen, skuldrene og hovudet var dekt av runde beinplater, og til og med augelokka inneheldt bein. Hovudet var trekanta sett ovanfrå, med korte, tjukke horn på dei bakre hjørna. Lengst framme hadde han eit hornnebb, medan tenna var små og bladforma. Den bakre delen av halen var samanvaksen, og i tillegg hadde virvlane lange utvekstar som ytterlegare stiva av og gjorde halen heilt rett. Ytst var fleire beinplater vaksne saman til ein brei, klubbeliknande struktur.

Dei få og enkle tennene tyder på at dyret ikkje togg plantene det åt, i motsetnad til dei samtidige hadrosaurane og ceratopsidane, som hadde mange kraftige knusetenner.

Ankylosaurus levde i sein krit i Nord-Amerika (Montana, Wyoming og Alberta), og var ikkje berre den siste, men òg den største, kjende ankylosauren. Det største individet ein har funne restar av kan ha vore over seks meter langt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ankylosaurus
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ankylosaurus