Anna Deichman (6. mai 170012. desember 1754) var ei norsk kansellirådinne, systera til boksamlaren Carl Deichman.

Anna Deichman
Fødd 6. mai 1700
Viborg i Danmark
Død

12. desember 1754 (54 år)

Far Bartholomæus Deichman
Ektefelle Jacob Rasch
Våpenskjoldet til Anna Deichman og Jacob Rasch i Solum kyrkje.

Deichman vart fødd i Viborg[1]Jylland, som dotter av Bartholomæus Deichman og kona Else Carlsdatter Rosenmeyer. I 1719 gifta ho seg i Christiania med rektor ved katedralskulen, Jacob Rasch.[2] Dei fekk fleire barn. Paret donerte døypefonten til Vår Frelsers kirke i same by.[3]

Etter at ektemannen døydde i 1737, flytta Deichman frå Christiania mot trakta rundt Porsgrunn, som ho på fleire måtar var knytt til. Systera Margrethe var gift med kanselliråd Herman LøvenskioldFossum; broren Peter budde på Menstad; mora bispinne Deichmann budde hos dottera på Borgestad og brørne Carl og Wilhelm budde også i området. Borna til Anna Deichmann vart inngifta i dei beste familiane i distriktet.[4] Etter at ektemannen døydde mottok ho ein årleg pensjon på 40 riksdalar.[5]

Deichman døydde i 1754, og vart bisett i Eidanger kyrkje. Ein kan sjå alliansevåpenet til henne og ektemannen i Solum[6] og Mælum kyrkje.[5]

Kjelder endre

  1. Pettersen, Hjalmar (1899). Bibliotheca Norvegica. s. 619. 
  2. Aase, Laila (29. juni 2022). «Jacob Rasch». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 11. mars 2023. 
  3. Collett, Alf (1909). Gamle Christiania-billeder. Cappelen. s. 146. 
  4. «Bartholomeus Deichmann f. 1671 og Else Rosenmeyer f. ca 1669 sin familie og etterkommere». www.eidangerslekt.org. Henta 11. mars 2023. 
  5. 5,0 5,1 Einar Aas (2016). «Oslo katedralskoles historie 1153–1800» (PDF). Henta 13. mars 2023. 
  6. Solum bygds historie. Kommunen. 1965. s. 349.