Eidanger kyrkje
Eidanger kyrkje er ei langkyrkje i Porsgrunn kommune i Telemark.
Eidanger kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: H.E. Straume
| |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Skien | ||
Sokn | Eidanger | ||
Fellesråd | Porsgrunn | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | mur | ||
Material | stein og tre | ||
Innvigd | ca. 1150 | ||
• Endringar | M.a. 1787, 1852, 1920–21, 1970-åra, 1981 | ||
Tårn | i vest | ||
Klokker | 2: 1720 og 1940 (Olsen Nauen) | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Preikestol | Terje Grøstad 1991 | ||
Døypefont | av stein (hogd om i 1890) | ||
Altartavle | Terje Grøstad 1991 | ||
Orgel | Ryde og Berg, 1993 | ||
Sitjeplassar | 200 | ||
Diverse | Glasmåleri, krusifiks og prosesjonskross av Terje Grøstad 1991 | ||
Eidanger kyrkje 59°07′07″N 9°41′57″E / 59.11852778°N 9.69925°E | |||
Wikimedia Commons: Eidanger kirke |
Kyrkja vart oppført omkring midten av 1100-talet. Ho var då om lag 13,5 meter lang med tjukke steinvegger. I 1787 vart skipet forlenga vestover med ein tømra del. I 1852 vart resten av kyrkja kledd med tre og måla kvit. Kyrkja vart restaurert i 1920–21 og 1970-åra, og i 1981 fekk ho nytt sakristi. Terje Grøstad laga ein god del nytt inventar til kyrkja i 1991.
Kjelder
endre- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Eidanger kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 42-43. ISBN 82-90695-00-4.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 497. ISBN 82-7527-022-7.
- «Eidanger kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff
endre- Porsgrunn bibliotek
- Eidanger kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Porsgrunn kyrkjelige fellesråd Arkivert 2014-01-03 ved Wayback Machine.Denne kyrkjeartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.