Anna Karina Stang

Anna Karina Stang (31. mai 18992. august 1996) var ein norsk folkesongar frå Stongfjorden i Askvoll kommune.

Anna Karina Stang

Fødd 31. mai 1899
Død

2. august 1996 (97 år)

Yrke lyrikar, skribent

Bakgrunn endre

Anna Karina Stang voks opp i Stubseid i Stongfjorden i Askvoll i 1899. Ho var yngste dotter til Matias Kornelius Stubseid (1864-1934) og Rakel Amalie Johannesdatter Stubseid (f. Lien). Anna hadde fire eldre systre.

Folkesongar endre

Anna Karina Stang var ein viktig representant for songtradisjonen i Ytre Sunnfjord, og ho hadde eit allsidig repertoar som femnde om både slåttestev, religiøse folketonar og gjetarviser. Stang hadde songtradisjon frå bestefar sin, Kristian Bendiksson Stubseid (1831-1908), og ho førte tradisjonen vidare ved å synge for sine born. Saman med ektemannen Anton Sigvald Peterson Stang hadde ho fem born: Jørgen, Per Ove, Ragnhild, Malmfrid og Mathias.

Stang budde i Stubseid i Stongfjorden, der ho var husmor og bondekone. I tillegg til å vere folkesongar, las ho mykje offentleg. Ho skreiv prologar til høgtidar og festar i bygda, songar til bryllaup, og dikt om det nære i gardslivet. På 1970-talet gjorde slektningen og spelemannen Gunnar Stubseid lydopptak av Anna Karina Stang. Innsamlinga vart gjort til Arne Bjørndals Samling i Bergen. Mange av desse songane vart seinare gjeve ut i boka "Tippe, tippe, tue".

Bibliografi endre

Bøker endre

I tidsskrift - eit utval endre

Bakgrunnsstoff endre