Anna Kathrine av Brandenburg
Anna Kathrine av Brandenburg (26. juni 1575–29. mars 1612)[1] var dronning av Danmark-Noreg gjennom ekteskap med Kristian IV. Ho var fødd i Wolmirstedt i Sachsen-Anhalt og var dotter av Joakim Frederik av Brandenburg og Katarina av Küstrin.[1]
Anna Kathrine | |
![]() | |
Fødd | 26. juni 1575 Wolmirstedt i Sachsen |
---|---|
Død | 29. mars 1612 (36 år) København |
Tittel | Dronning av Noreg og Danmark |
Regjeringstid | 1597-1612 |
Føregangar | Sophie av Mecklenburg |
Etterfylgjar | Sophie Amalie |
Hus eller slekt | Hohenzollern |
Land | Danmark |
Mor | Katarina av Küstrin |
Far | Joakim Frederik av Brandenburg |
Ektefelle | Kristian IV av Danmark-Noreg |
Barn | Den utvalde prins Kristian, Fredrik III av Danmark-Noreg, Ulrik, prins av Danmark, Prins Frederik (1599), son Oldenburg, Sophie Oldenburg, Elizabeth Oldenburg |
Anna Kathrine blei gift med Kristian på Haderslevhus 27. november 1597.[1]
Ein kjenner ikkje stort til Anna Kathrine, men ho har neppe gjort forsøk på å påverka politikken. Ho var med ektefellen til Noreg på ei lengre vitjing i 1602 og ho var også med under hyllinga av sonen Kristian i 1610.[2]
Anna Kathrine og Kristian fekk seks born; Frederik – 15. august 1599–9. september 1599, Kristian den udvalgte prins Christian i 1603, Sofie – 4. januar 1605–7. september 1605, Elisabeth – 16. mars 1606–24 oktober 1608, Fredrik i 1609 (seinare Fredrik III) og Ulrik i 1611.
Referansar Endra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Anna Kathrine fra Dansk Biografisk Leksikon
- ↑ Langslet side 136
Litteratur Endra
- Lars Roar Langslet: Christian IV : konge av Danmark og Norge, 1997. som E-bok