Lars Roar Langslet

norsk politikar

Lars Roar Langslet (5. mars 193618. januar 2016) var ein norsk politikar, (H) forfattar og statsstipendiat frå 1997. Han var utdanna mag. art. i idéhistorie.

Lars Roar Langslet
Fødd5. mars 1936
Nesbyen kommune
Død18. januar 2016 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, skribent, biograf
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Det Norske Akademi for Språk og Litteratur
Alle verv

Langslet vart første statsråd i Kultur- og Vitskapsdepartementet, i Willochregjeringa frå 1981 til 1986. Normalt skulle kyrkjesaker ha lege under same departement, og det vert hevda at årsaka til at kyrkjesakene vart utelatne frå departementet sitt saksområde var at Langslet var katolikk. Som minister var Langslet kjend for å ha opna eteren for private lokalradiostasjonar.

I 1991 gav Langslet ut kriminalromanen Mord ved statsministerens kontor, under pseudonymet Bendik Rosenlund. Han skreiv fleire biografiar om kjende nordmenn, men best kjend av bøkene hans var truleg verket om historia til Riksmålsrørsla frå 1999.

Verv og stillingar endre

  • 1957 - 1968: Redaktør for Minerva
  • 1960: Formann i Det Norske Studentersamfund
  • 1970-?: Medlem i sentralstyret i Høgre
  • 1969-1989: Stortingsrepresentant for Høgre (med unnatak av 1981-1986, då han sat i regjering)
  • 1973-1980: Formann i Kyrkje- og Undervisingskomitéen (på Stortinget)
  • 1981-1986: Kultur- og vitskapsminister
  • 1989-1990: Kulturdirektør i Oslo

Langslet har fått tildelt ei rekkje prisar og utmerkingar for verksemda si. I 1984 vart han tildelt Fritt Ords honnør for ved ein kombinasjon av djervskap og varsermd å ha opna for forsøk med friare kringkastingsformer. I 1996 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. Langslet har elles vore skribent i Aftenposten og er medlem av, og preses for Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur.

Nokre verk endre

Full bibliografi endre

  • Arv og utsyn (1962)
  • Den unge Karl Marx og menneskets fremmedgjørelse (1963)
  • Konservatismen fra Hume til idag (1965)
  • Kirken i dialog (1968)
  • Enhet og mangfold (1969)
  • Forandre for å bevare (1969)
  • Fra sidelinjen (1974)
  • Frihet og orden (1974)
  • Konservatismens historie (1975)
  • Uro i skolen (1977)
  • Om alle Land laa øde – Petter Dass (1984)
  • Keiseren og eplekvistene (1987)
  • Mennesker og milepæler (1988)
  • John Lyng – samarbeidets arkitekt (1989)
  • Mord ved statsministerens kontor (1991) (under pseudonymet Bendik Rosenlund)
  • Kong Olav V av Norge (1992)
  • Henrik Ibsen – Edvard Munch – To genier møtes (1994)
  • Fra innsiden – Glimt fra et halvt liv i politikken (1994)
  • Olav den Hellige (1995, ny utg. 1998)
  • Ibsen – Norges store dramatiker (1995)
  • Rev eller pinnsvin? Tre essays om Hamsun (1995)
  • Hamsun – det skiftende spillets dikter (1996)
  • Kongen taler (utvalg og innledning, 1996)
  • Christian IV (1997, ny utgåve 1999)
  • Christian Frederik (1. bind 1998, 2. bind (1999)