Anna Colbjørnsdatter

(Omdirigert frå Anna Kolbjørnsdotter)

Anna Colbjørnsdatter Arneberg (fødd ca. 1667 i SørumRomerike, død 1736 på Norderhov i Ringerike) er uløyseleg knytt til slaget på Norderhov, ei krigshandling som skjedde under den store nordiske krigen ved Norderhov kyrkje, mellom norsk–danske dragonar og svenske karolinarar, natta til 29. mars i 1716. Anna får i ettertid æra for å ha lurt svenskane, som lei eit sviande nederlag ovanfor den langt mindre mannsterke norsk–danske styrken. Av den grunn er ho Noregs kan hende største nasjonalheltinne, men det er stor uvisse knytt til hennar rolle i slaget på Norderhov. I ein artikkel i Dagbladet i 1996 peiker Christopher Hals Gylseth på at Anna Colbjørnsdatter er ein av særs få kvinnelege helteskikkelsar i norsk historie.[1]

Anna Colbjørnsdatter

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1667
Død

23. juli 1736 (69 år)

Far Colbjørn Torstensen Arneberg
Ektefelle Jonas Danilssønn Ramus
Anna Colbjørnsdatter på Commons

Det blir sagt at Anna alt i ung alder vart førebudd på eit liv som prestefrue. Ho kom frå ein storgard i Sørum på Romerike, der den mannlege delen av slekta hadde lange tradisjonar som medlem i presteskap og øvrigheit. Det var derfor kan hende ikkje så merkeleg at ho alt som femtenåring i 1682 vart gift med magister Jonas Ramus (1649–1718), som på 1680-talet var personellkapellan under Anna sin far, sokneprest Colbjørn Torstenssøn (–1720), i gamle Sørum kyrkje.

I 1690 vart ektemannen utnemnd til sokneprest i Norderhov kyrkje. Familien flytta til Norderhov på Ringerike, der dei busette seg på Norderhov prestegard. Dei hadde då borna Ole (1683–1714), Daniel (1684–1727), Johanna (1685–1717), Christian (1686–1714) og Anna Sophie (1687–1722), som alle var fødde på Sørum og alle døydde før mora. Sonen Daniel nådde likevel å bli prest sjølv, og han overtok som sokneprest til Norderhov då faren døydde i 1718. I 1727 døydde Daniel ugift, slik at Anna òg arva han. Dottera Anna Sophie blei gift og fekk eit barn, Anna Larsdatter (1717–1791), som sidan arva det heile etter mormora si Anna Colbjørnsdatter.

Kjelder endre

  1. Gylseth, Christopher Hals (6. april 1996), «Kvinnelist og heltemot», Dagbladet, s. s. 30 

  • Heftet Ringerike, årgangane 1924, 1927, 1946, 1958, 1966, 1971, 1988, 2000, 2003.