Ringerike kommune

kommune i Buskerud
(Omdirigert frå Ringerike)

Ringerike er ein kommune i Viken fylke. Hønefoss er kommunesenter, og nesten halvparten av innbyggjarane i kommunen bur her. Andre tettstadar er Tyristrand, Sokna, Hen og Hallingby.

Ringerike kommune
kommune
Honefoss flyfoto3.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Viken
Adm.senter Hønefoss
Areal 1 555 km²
 - land 1 437 km²
 - vatn 118 km²
Folketal 30 641 (1. januar 2020)
Målform bokmål
Ordførar Kirsten Orebråten (Ap)
Kommunenr. 3007
NO 3007 Ringerike.svg
Wikimedia Commons: Ringerike
Nettstad: www.ringerike.kommune.no

GeografiEndra

Ringerike strekker seg frå Oslomarka i søraust til åsane mot nedre Hallingdal i nordvest, og i Ådalen til nord for innsjøen Sperillen.

Kommunen er eit trafikk-knutepunkt der vegar som E-16, Rv. 7 og Rv. 35 og jarnbanelinjer som Bergensbanen, Randsfjordbanen og Roalinja møter kvarandre.

HistorieEndra

Namnet Ringerike er sett saman av dei norrøne orda Hringr (ring) og Riki (rike eller landskap). Dette namnet er blitt brukt sidan ein byrja å skriva norsk historie.

I 1964 blei dei tidlegare kommunane Hole, Norderhov, Tyristrand, Hønefoss og Ådal del av Ringerike kommune. Hole vart sidan ein eigen kommune igjen.

NæringslivEndra

Ringerike er den største jord- og skogbrukskommunen i eit fylke der dei fleste kommunane driv med desse næringsvegane. Dei viktigaste industrigreinene er treforedling (Norske Skogindustrier, Follum og Huhtamaki), betongproduksjon (Spenncon og Unicon), mekaniske verkstadar og kartproduksjon (Statens kartverk).

BileteEndra

BakgrunnsstoffEndra