Anna Lindh
Anna Lindh (19. juni 1957–11. september 2003) var ein svensk sosialdemokratisk politikar og jurist.
Anna Lindh | |||
| |||
Fødd | 19. juni 1957 Enskede | ||
---|---|---|---|
Død | 11. september 2003 (46 år) | ||
Statsborgar av | Sverige | ||
Parti | Sveriges socialdemokratiska arbetareparti | ||
Yrke | politikar, diplomat | ||
Utdanna ved | Uppsala universitet | ||
Far | Staffan Lindh | ||
Ektefelle | Bo Holmberg | ||
Alle verv |
|
Lindh blei fødd i Enskede i Stockholm, og flytta til Enköping då ho var 12. Snart engasjerte ho seg i politikk, med Vietnamkrigen som hovudsak. Ho var leiar av Sveriges Socialdemokratiska Ungdomsförbund 1984–1990.
Anna Lindh studerte ved Uppsala universitet og blei jur.kand. (Cand.jur.) i 1982. Same året blei ho vald inn i den svenske riksdagen. To år seinare blei ho den første partileiaren for sosialdemokratane, og sat i denne stillinga i seks år.
Anna Lindh var medlem av riksdagen i Sverige 1982–1985 og 1998–2003, miljøminister 1994–1998 og utanriksminister frå 1998 til ho vart knivstukken og drepen i 2003.