Den svenske riksdagen

(Omdirigert frå Riksdagen i Sverige)
«Riksdagen» omdirigerer hit. For andre tydingar, sjå riksdag.

59°19′39″N 18°4′3″E / 59.32750°N 18.06750°E / 59.32750; 18.06750 Den svenske riksdagen (svensk Sveriges riksdag), ofte berre kalla Riksdagen, er den lovgjevande forsamlinga i Sverige. Det har eitt kammer og følgjer parlamentarismen. Det blir leia av ein talman (lik stortingspresident) som blir vald av riksdagen etter kvart riksdagsval. Den svenske riksdagen held til i Riksdagshuset i Stockholm.

Sveriges riksdag

KammerEit
Leiarskap
Struktur
Representantar349
Møtestad
Riksdagshuset
Nettstad
https://riksdagen.se
Plenisalen i Riksdagshuset.

Riksdagsval blir haldne andre søndagen i september kvart fjerde år. Arbeidsåret til riksdagen byrjar vanlegvis tredje tirsdagen i september med Riksmötets öppnande, men i valår skjer dette noko seinare.

Riksdagen har 349 medlemmer som sit i fireårsperiodar. For at eit parti skal kunna få plass i riksdagen, treng det ei oppslutting på minst fire prosent av stemmene, eller tolv prosent i minst ein valkrets. Mandatfordeling skjer ved Sainte-Laguë-metoden med innslag av utjamningsmandat.

Den svenske regjeringa går ut frå og er ansvarleg for riksdagen. Når ei ny regjering skal skipast rådfører talmannen seg med partileiarane og føreslår så ein statsminister som riksdagen stemmer over. Riksdagen kan reisa mistillitsforslag mot regjeringa eller enkeltstatsrådar. Ved mistillit kan statsministeren skriva ut nyval, bortsett frå i ein tremånadersperiode etter eit val. Desse ekstra vala innverkar ikkje på dei vanlege fireårsperiodane.[1]

Kjelder

endre
  1. «Riksdagens planering inför ett beslut om extra val», riksdagen.se. Vitja 20. desember 2014.

Bakgrunnsstoff

endre