Annar Ryen
Annar Ryen (19. oktober 1909–9. mars 1985) var ein norsk langrennsløpar frå Dalsbygda i Os i Østerdalen, som i 1937 vann VM-gull for Noreg på 4x10 km stafett. Han var medlem av Idrettslaget Nansen.
Annar Ryen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. oktober 1909 Dalsbygda |
Død | 9. mars 1985 (75 år) Hedmark fylke |
Idrett | langrenn |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Aktiv
endreRyen vart historisk då han i 1936 vann femmila i Lahti-spelen, noko berre finske skiløparar hadde gjort føre han. Året etter gjekk han startetappen for Noreg på 4x10 km stafett under verdsmeisterskapen på ski i Chamonix, ei tevling som enda med at Lars Bergendahl gjekk det norske laget inn til siger med tida 3.06.07, eit lite minutt føre Finland på andreplass.
Ryen vann tre sølvmedaljar i noregmeisterskap: I 1935 på 17 km, i 1939 på tremila og i 1940 på 18 km. I 1940 vart Ryen tildelt Holmenkollmedaljen, saman med Oscar Gjøslien.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Annar Ryen – Profil og resultatoversikt hos FIS