Anne-Kathrine Parow
Anne-Kathrine Parow (10. november 1938–14. januar 2001)[1] var ein norsk lærar, kultursjef og politikar for Ap. Ho var ordførar i Trondheim frå 1982 til 1984.
Anne-Kathrine Parow | |||
Ordførar Anne Kathrine Parow i 1982. Foto: Trondheim byarkiv | |||
Fødd | Anne-Kathrine Larsen 10. november 1938 Orkanger | ||
---|---|---|---|
Død | 14. januar 2001 (62 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, offentleg tenestemann, lærar | ||
Utdanna ved | Sagene lærerhøgskole Trondheim lærerhøgskole | ||
Ektefelle | Axel Buch | ||
Alle verv |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreAnne-Kathrine Larsen var fødd på Orkanger som dotter av kommunesekretæren Kolbjørn Jacob Larsen og kona hans Esther Togstad.[2] Ho var syster av den seinare ordføraren i Orkdal, Rudolf Larsen, og kusine av fylkesutdanningssjefen og politikaren Johan Solheim.[3] Ho tok lærarprøven ved Sagene lærerskole i 1961 og 2. avdeling spesialpedagogikk ved Trondheim lærerhøgskole i 1976.
Karriere
endreAnne-Kathrine Larsen var lærar i fem år, og konsulent hos skulesjefen i Trondheim kommune i eit år.[4] Ho gifta seg med den seinare tannlegen Peter Parow (bror til Anneliese Dørum).[5][6]
Parow blei fyrste gong vald inn i Trondheim bystyre under det såkalla kvinnekuppet i 1971.[7][8]
Parow var varaordførar i Trondheim frå 1980 til 1981. Frå 1. januar 1982 til 31. desember 1984 var ho ordførar, som den fyrste kvinna i vervet.[9] Deretter var ho tilsett som kultursjef i Trondheim kommune frå 1982 til 1992, og som kultursjef i Steinkjer kommune frå 1993 til 1997.[4][10][11]
Parow gifta seg på nytt i 1987 med dåverande rådmann Axel Buch, ein høgremann som tidlegare hadde vore varaordføraren hennar.[9] Dei budde på garden Hammer på Inderøy i nokre år til han døydde i 1998.[12]
Anne-Kathrine Parow døydde i 2001 etter kort tids sjukeleie.[10] Ho blei gravlagd på Havstein kirkegård.[13]
Parow er den fyrste kvinnelege ordføraren som fekk ein veg kalla opp etter seg, i 2019 på Tiller[14].
Kjelder
endre- ↑ «Dødsfall i Norge (1947) 1995–april 2001». Digitalarkivet. Henta 23. mars 2018.
- ↑ «Lysinger». Arbeiderbladet: 13. 19. august 1963.
- ↑ «Ap lar det bli innen «dynastiet»». Adresseavisen: 1. 14. juli 1983.
- ↑ 4,0 4,1 Berthelsen, Herman (red.) (1987). Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Dreyer. s. 331.
- ↑ Arbeiderbladet: 8. 11. mai 1960. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ Adresseavisen: 11. 12. februar 2014. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ «Oppklaring fredag kveld omg kvinneaksjonens utfall». Adresseavisen: 6. 23. september 1971.
- ↑ Anne Kathrine Parow (3. november 1971). «Husmannsånd - og menneskeverd». Rogalands Avis: 4.
- ↑ 9,0 9,1 Hansen, Hermann (2. desember 2005). «Trikken – elsket og hatet». Adresseavisen. Arkivert frå originalen 22. desember 2015. Henta 12. desember 2015.
- ↑ 10,0 10,1 «Anne Katrine Parow er død». NRK Trøndelag. 15. januar 2001. Henta 23. mars 2018.
- ↑ Trønder-Avisa: 33. 16. januar 2001. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ Aftenposten (morgen utg.): 11. 12. august 1998. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ «Anne-Kathrine Parow». Slekt og Data Gravminnebasen. Henta 15. februar 2023.
- ↑ Bråten, Roy Tommy (13. mai 2019). «Nå får hun egen vei oppkalt etter seg i Trondheim». adressa.no (på norsk bokmål). Henta 14. mai 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Anne-Kathrine Parow» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Anne-Kathrine Parow hos Feministhuset.