Anneliese Dørum

norsk politikar

Anneliese Dørum (3. oktober 19394. november 2000), fødd Anneliese Parow, var ein norsk lærar og politikar frå Trondheim. Ho representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1985 til ho døydde i 2000.

Anneliese Dørum
Fødd3. oktober 1939
Trondheim
Død4. november 2000 (61 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
BarnKnut Dørum
Alle verv

Dørum, som var dotter til ein forretningsmann, utdanna seg til lærar i heimbyen Trondheim. Ho skulte så ved Nordby ungdomsskole på Jessheim frå 1967 til 1980. Deretter var ho politisk sekretær i Akershus Arbeidarparti fram til 1985.

Frå 1972 til -79 sat Dørum to periodar i Ullensaker kommunestyre. Ho kom med i det fyrste direktevalde fylkestinget i Akershus frå 1976 og hadde plass i fylkestinget til 1985. Hausten 1985 vart Dørum vald inn på Stortinget frå Akershus fylke. Fire år tidlegare møtte ho på Stortinget dei to første vekene av stortingssesjonen, i staden for statsråd Einar Førde som gjekk tilbake til Stortinget då den første Brundtland-regjeringa vart avløyst etter å ha tapt stortingsvalet hausten 1981. Dørum vart attvald til Tinget både i 1989, 1993 og 1997. I den første fireårsbolken var ho medlem av Finanskomiteen, som sekretær frå 4. oktober 1988. Perioden 1989-93 var ho medlem av Kommunal- og miljøvernkomiteen, og i den neste, 1993-97, av Kommunalkomiteen. Ho var då elles med i Valkomiteen, noko som vart vidareført etter 1997-valet. Samstundes var ho i si siste stortingsperiode medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen.

Dørum døydde hausten 2000, før siste valperioden var over.

Kjelder endre