Anne Eriksen
Anne Eriksen (fødd 17. juli 1958) er ein norsk professor i folkloristikk ved Universitetet i Oslo. Ho har særleg teke for seg emne som folkereligiøsitet, historiesyn og fortidsforståing.
Anne Eriksen | |||
Fødd | 17. juli 1958 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | folklorist | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Eriksen tok magistergrad i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo i 1986. I 1992 tok ho doktorgraden ved det same universitetet med ei avhandling om religion hjå arbeidarar i Noreg i første halvdelen av 1900-talet.
Bakgrunnsstoff
endre- Presentasjon Arkivert 2006-10-31 ved Wayback Machine. frå Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved UiO
- Publikasjonar av Anne Eriksen i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- forskning.no Arkivert 2006-10-03 ved Wayback Machine.