Anne Hege Grung
Anne Hege Grung (fødd 4. november 1965) er ein norsk religions- og kulturforskar, som er professor i interreligiøse studium ved Universitetet i Oslo (UiO) og leiar i Norsk Kvinnesaksforening frå 2020.[1] Ho er kjend for forsking på religionsdialog og menneskerettsdialog, særleg kvinners stilling med fokus på kjønnsrettferd, likestilling og vald mot kvinner. Ho har vore sentral i kristen–muslimsk dialogarbeid i Noreg sidan 1990-åra.
Anne Hege Grung | |||
Fødd | 4. november 1965 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | prest, professor | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening |
Karriere
endreEtter cand.theol.-eksamen (1991) frå Det teologiske fakultet ved UiO blei Grung ordinert til prest i Den norske kyrkja i 1992. Ho arbeida deretter som studentprest i Norges kristelige studentforbund og som prest i Kirkens Bymisjon i Oslo. I 1997 blei ho tilsett ved dialogsenteret Emmaus på Grünerløkka i Oslo og var leiar for senteret frå 2000 til 2005. Ved Emmaussenteret bidrog Grung til å utvikle det kristen-muslimske dialogarbeidet i Noreg og ein meditasjonspraksis som sameinar element frå kristen tradisjon og frå austleg spiritualitet (bl.a. buddhisme). Grung er blitt skildra som islamkjennar.[2]
I perioden 2006–2010 var Grung doktorgradsstipendiat ved Det teologiske fakultet og UiO sitt forskingsprogram «Kulturell kompleksitet i det nye Norge» (Culcom). Deretter var ho forskar tilknytt programmet «Culcom Alna» ved Sosialantropologisk institutt (2011–2012), der ho arbeidde med det NFR-finansierte prosjektet Inclusion and Exclusion in the Suburb. Grung tok doktorgrad i teologi i 2011 med avhandlinga Gender Justice in Muslim-Christian Readings og var postdoktor ved Universitetet i Oslo 2012–2014, der ho arbeidde med eit prosjekt om korleis kristne og muslimske miljø i Noreg og Libanon tematiserer og fortolkar vald mot kvinner i nære relasjonar.[3] I 2014 blei ho førsteamanuensis i praktisk teologi ved Det praktisk-teologiske seminaret i Oslo med særskilt ansvar for undervisninga i sjelesorg; i 2020 blei ho utnemnd til professor i interreligiøse studium ved Det teologiske fakultet.[4]
Grung sitt primære forskingsfelt er religionsdialog og menneskerettsdialog, med særleg fokus på stillinga til kvinner, eit tema ho også arbeidde med som Olavstipendiat i 2005. Den seinare forskinga hennar omfattar blant anna prosjektet Women, Violence and Religious communities: A qualitative comparative study of the interpretation of Violence against Women (VAW) in Christian, Sunni and Shi'a communities in Norway and Lebanon.[5]
Grung har vore medlem av kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg råd og Islamsk Råd sidan 1995. Ho er medlem av teologisk nemnd i Den norske kyrkja frå 2016 og teologiska komiteen i Svenska kyrkan frå 2015. Saman med Lena Larsen gav ho i 2000 ut ei bok om muslimske og kristne kvinner i dialog, med tittelen Dialog med og uten slør.
I 2002 blei Grung utnemnd til «Årets kvinnelege teolog» av Norsk kvinnelig teologforening. Dialogsenteret Emmaus mottok i 2003, under leiing av Grung, Norske Kirkeakademiers Brobyggerpris.
I 2020 blei Grung vald til leiar i Norsk Kvinnesaksforening, som etterfølgjar etter høgsterettsdommaren Karin M. Bruzelius.[6][7]
Bibliografi
endreBøker
endre- Dialog med og uten slør. Oslo: Pax 2000 (med Lena Larsen).
- Gender Justice in Muslim-Christian Readings. Christian and Muslim Women in Norway: Making Meaning of Texts from the Bible, the Koran, and the Hadith. Brill Rodopi 2015. Jf. "Gender Justice in Muslim-Christian Readings. Christian and Muslim women in Norway making meaning of texts from the Bible, the Koran and the Hadith" (doktoravhandling). Oslo: Unipub 2011.
Artiklar
endre- "Gender and Muslim-Christian Dialogue", i Paul Hedges (red.): Contemporary Muslim-Christian Encounters. Developments, Diversity and Dialogues. London: Bloomsbury 2015.
- "De kristne i Libanon: et tegn på håp?" I Berit Thorbjørnsrud (red.): De kristne i Midtøsten. Kampen for tilhørighet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk 2015, s. 157-172.
- "Inter-religious or Trans-religious: Exploring the Term 'Inter-religious' in a Feminist Postcolonial Perspective." Journal of Interreligious Studies 13, February 18, 2014, s. 11-14. Publisert online.
- "Stålsett-utvalgets forhandlinger mellom religionsfrihet og kjønnslikestilling". Teologisk Tidsskrift 2: 2014, s. 202-216.
- "Kontaktgruppa i et kritisk kjønnsperspektiv: Mellom aktivisme og representativitet", Norsk Tidsskrift for Misjonsvitenskap 4: 2013, s. 214-232.
- "Kontaktgruppa for Islamsk Råd Norge og Mellomkirkelig Råd", Tidsskrift om islam&kristendom 2: 2013, s. 17-32.
- "Hagar as Bad Mother, Hagar as an Icon of Faith: The Hagar Narratives from the Islamic and the Christians Traditions Discussed among Muslim and Christian Women in Norway". In John T. Greene and Mishael M. Caspi (eds) In the Arms of Biblical Women. Biblical Intersections 13. Piscataway, NJ: Gorgias Press, s. 65-78.
- "Moral Enrichment and Moral Critique of Texts from the Bible and the Koran: Towards an Interreligious Feminism?" Islamochristiana vol. 37, 2011, pp. 67-75.
- "Religionsdialog, identitetspolitikk og kompleksitet" (Anne Hege Grung og Oddbjørn Leirvik), i Norsk Antropologisk Tidsskrift nr. 1: 2012, s. 76-84.
- "Gender Justice in Muslim-Christian Readings: A Hermeneutical Case Study on Readings of Sura 4:34 and 1 TImothy 2:8-15 in a Group of Muslim and Christian Women in Norway". Studies in Interreligious Dialogue nr. 2: 2011, s. 133-150.
- "Makt og kontekst i Susanna-fortellingen", i Kirke og Kultur 4: 2011, s. 288-301.
- "Samtaler om Hagar: Tekster, fortellinger og religionsmøter" (Anne Hege Grung og Marianne Bjelland Kartzow). I Kirke og Kultur 3: 2011, s. 202-215.
- "Interreligious dialogue. Moving between compartmentalization and complexity", i Approaching Religion nr. 1: 2011, s. 25-32.
- "Profetier, projeksjoner og fakta på bakken. Produksjon av håp og håpløshet i religiøse diskurser om konflikten mellom Israel og palestinerne", i Norsk Teologisk Tidsskrift nr. 1: 2011, s. 34-51.
- "Hellige tekster i islamsk og kristen tradisjon. Et verktøy for undertrykkelse eller frigjøring?" i Thomas Hylland-Eriksen og Arne Olav Vetlesen (red.): Frihet. Oslo: Universitetsforlaget 2007.
- ”Religionsdialog og kjønn”, i Norsk Tidsskrift for Misjon 3-4:2006
- "Troen, ordene og stillheten. Om tro og meditasjon", i Jan Olav Henriksen (red.): Tro. 13 essays om tro, Kom forlag 2006.
- ”Begrepet dialog i Emmaus”, i Kirke og Kultur 1: 2005
- ”Kvindeperspektiv på kristen-muslimsk dialog”, i Larsen, L. og Rasmussen, L. (red.): Islam, kristendom og det moderne. København: Tiderne skifter 2004
- "Kvinneperspektiv/kjønnsperspektiv på kristen-muslimsk dialog", i St. Sunniva 1-2: 2003
- ”Mystikk, meditasjon og tverreligiøs dialogArkivert 2007-12-12 ved Wayback Machine.”, i Religion og livssyn 2: 2004
- ”Kirken i møte med den åndelige lengsel”, i Ung Teologi 2: 2003
- “Dialogue can be a liberating experience for women”, i Current Dialogue 35, 2000
Kjelder
endre- ↑ Anne Hege Grung - Norsk Kvinnesaksforening
- ↑ Klassekampen. 2006-02-21. s. 16.
- ↑ Anne Hege Grung, arkivert frå originalen 27. oktober 2021, henta 26. mars 2023
- ↑ «Rettferd for alle», Vårt Land
- ↑ Anne Hege Grung
- ↑ «Prest overtar ledervervet i Norsk Kvinnesaksforening» - Vårt Land, 9. juni 2020
- ↑ Tora Sanden Døskeland: Håpsforvalteren - Klassekampen 20. november 2020
- Denne artikkelen bygger på «Anne Hege Grung» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Anne Hege Grung hos Universitetet i Oslo.
- Publikasjonar av Anne Hege Grung i BIBSYS
- Publikasjonar av Anne Hege Grung på CRISTIN.
- Intervju i Kilden[daud lenkje], 2011: ”Finner likestilling i Bibelen og Koranen”
- Intervju i Kilden, 2007: ”Religiøse feminismer i Norge”
- Intervju i Klassekampen, 2006: ”Dialogdama”
- Intervju i Kilden Arkivert 2008-02-08 ved Wayback Machine., 2005: ”Tror på dialog”.
- Presentasjon av Anne Hege Grung på Culcoms nettsider
- Bokomtale - Dialog med og uten slør