Anne Marit Jacobsen
Anne Marit Jacobsen (fødd 7. november 1946 i Oslo) er ein norsk skodespelar.
Anne Marit Jacobsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. november 1946 (77 år) Oslo |
Yrke | skodespelar |
Mor | Randi Heide Steen |
Anne Marit Jacobsen på Commons |
Biografi
endreAnne Marit Jacobsen scenedebuterte i 1969 på Nationaltheatret i Stein Mehrens Narren og hans hertug, der ho spela Rikke. Frå og med 1970 har ho vore tilsett ved Nationaltheatret. Opptredenen hennar som Hedvig i Vildanden av Ibsen vart send på fjernsyn same året. Seinare har det vorte mange roller, både på film, fjernsyn, teater og revy. Talentet hennar spenner vidt og ho har spela i teaterstykke av alle slag. Ho har opptredt i verk av både Holberg, Wilde, Dostojevskij, Tsjekhov, Shakespare, Dario Fo og samtidsdramatikarar som Kaj Munk og Åge Rønning. I 1989 opptredde ho med førestillinga Lilli Valentin av Willy Russel, som bestod av ein monolog for éi kvinne på scena.
I 1986 sendte NRK fjernsynsshowet «Hilde? På TV?!» som var skreddarsydd til underhaldningstalentet hennar. Showet vart NRKs bidrag til tevlinga i Montreux som kåra beste og løgnaste TV-program.
Nokre av dei best kjende film og fjernsynsrollene hennar er Marikken i Marikkens bryllup (1972), Petrine i Reisen til Julestjernen (1976), Tante Petra i Ole Aleksander Filibom-bom-bom (1998) og Anna Nedrebø i fjernsynsserien Vestavind (1994). Dei siste åra har ho vore å sjå som Elsa Mork i Sejer - Svarte sekunder (2006), Liv i komiserien Etaten (2006), Hilde Henningsen i Hvaler (2008-2010), og filmrollene som Jill i Kong Curling (2011) og Tante Inger i Som du ser meg (2012).[1] I 2010 laga ho ei teaterførestilling om diktaren Hans Børli.[2]
Anne Marit Jacobsen har også opptredd som jazzsongar og framført tradisjonell folkemusikk.
Ho er dotter av songarinna Randi Heide Steen og brordotter av Harald Heide-Steen. Harald Heide-Steen jr. var syskenbarnet hennar.
Prisar og utmerkingar
endre- 1997: Per Aabels ærespris
- 2003: Komiprisen 2003 i klassen beste kvinnelige artist, revy og komedie for sin rolle som lady Bracknell i Hvem er Ernest?
- 2003: Aase Byes legat
- 2004: Oslo bys kunstnerpris
- 2005: Grenseløs kommunikasjon (utdelt av Telenor)
- 2006: Gammleng-prisen i klassa for scenisk verksemd og teater.
- 2006: Gullruten for beste kvinnelege skodespelar for Sejer - Svarte sekunder.
- 2016: Amandakomiteens ærespris for sin mangeårige karriere på scene, film og TV.[3]
- 2017: Kommandør av St. Olavs Orden for «sin fremragende innsats som skuespiller».[4]
Kjelder
endre«Anne_Marit_Jacobsen» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 27. november 2013.
Fotnotar
endre- ↑ Anne Marit Jacobsen hjå The Internet Movie Database
- ↑ «Nå gjelder det å få nye drømmer». Hjemmet. 06.12.2010. Henta 27. november 2013.
- ↑ Amanda 2016: «Bølgen» er årets norske kinofilm
- ↑ «Utnevnelse til St. Olavs Orden». kongehuset.no (publisert 27.2.2017)