Anne Migliosi

Anne Migliosi Taalesen (fødd 1965) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Skien som vann VM-bronse i 1986. Ho var aktiv på Gjerpen IF i fleire sesongar.

Anne Migliosi
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1965
Idrett handball

Kantspelaren Migliosi debuterte på Noregs landslag i september 1984. To år seinare var ho med å vinne ein høgst overraskande bronsemedalje under verdsmeisterskapen 1986 i Nederland. I juni 1988 fekk ho sine siste kampar i landslagsdrakta og stoppa dermed på 62 kampar og 70 mål.

KjelderEndra