Annelise Høegh
Annelise Høegh (fødd 26. juli 1948 i Oslo, død 25. mars 2015)[1] var ein norsk politikar for Høgre.
Annelise Høegh | |||
Fødd | 26. juli 1948 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 25. mars 2015 (66 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Far | Anders Høegh | ||
Ektefelle | Jo Benkow | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1981-2001 1981–2001 | ||
Alle verv |
|
Høegh var medlem av Høgres politiske råd 1976–1983, 1. vararepresentant til Høgres sentralstyre 1976–1980, medlem av Oslo Høgres representantskap 1976–2006, medlem av Norsk Kvinnesaksforenings landsstyre 1980–1984, styreleiar i Statens barne- og ungdomsråd 1982–1985, formann i fagleg-politisk utval i Oslo Høgre 1982–1984, medlem av Høgres programkomité i 1983 og 1. nestleiar i Oslo Høgre 1988–1992. Ho var fast på Stortinget frå Oslo 1985–2001 og var vararepresentant 1977–1985 (møtte fast for Kåre Willoch 1981–1985). På Stortinget var ho mellom anna parlamentarisk nestleiar 1989–1990 og Høgres sosialpolitiske talskvinne i 16 år. Ekteparet Høegh og Benkow har hatt stor påverknad på Høgres sosialpolitikk i nyare tid, og Høegh gjekk inn for både partnarskapslova og dagens abortlov.[2][3]
Stortingskomitear
endre- 1997–2001 medlem i Sosialkomiteen
- 1997–2001 varamedlem i Valgkomiteen
- 1993–1997 medlem i Sosialkomiteen
- 1993–1997 varamedlem i Den utvida utenrikskomiteen
- 1993–1997 medlem i Valgkomiteen
- 1989–1993 leiar i Forbrukar- og administrasjonskomiteen
- 1989–1993 varamedlem i Den utvida utenrikskomiteen
- 1989–1993 medlem i Forbrukar- og administrasjonskomiteen
- 1989–1993 medlem i Valgkomiteen
- 1989–1993 medlem i Utenriks- og konstitusjonskomiteen
- 1989–1993 medlem i Den utvida utenrikskomiteen
- 1989–1993 varamedlem i Valgkomiteen
- 1985–1989 sekretær i Sosialkomiteen
- 1985–1989 varamedlem i Valgkomiteen
- 1981–1985 medlem i Sosialkomiteen