Annette von Droste-Hülshoff

tysk skribent, poet og komponist

Annette von Droste-Hülshoff (10. januar 179724. mai 1848) var ein tysk forfattar og komponist, rekna som ei av dei viktigaste tyske kvinnelege poetane.

Annette von Droste-Hülshoff

Verkeleg namn Anna Elisabeth Franzisca Adolphina Wilhelmina Ludovica Freiin von Droste zu Hülshoff
Fødd 12. januar 1797
Burg Hülshoff
Død

24. mai 1848 (51 år)
Burg Meersburg

Yrke skribent, lyrikar, komponist, romanforfattar, skodespelforfattar
Språk tysk, latin, gamalgresk, fransk, engelsk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Clemens-August II. von Droste zu Hülshoff
Mor Therese Luise von Droste-Hülshoff
Nettstad http://www.droste-gesellschaft.de
Annette von Droste-Hülshoff på Commons

Liv og virke endre

 
Annette von Droste-Hülshoff, daguerreotypi. Eit av to fotografi tatt i 1845.

Annette von Droste-Hülshoff vart fødd på Burg Hülshoff ved Münster. Ho var dotter av Clemens August von Droste-Hülshoff og Therese von Haxthausen, og blei fødd inn ei gammal westfalisk katolsk adelsætt.[1][2][3] Ho levde eit tilbaketrekt og avgrensa liv, men arbeidde tidleg målretta mot å skape stor kunst.

På vegen mot å bli ei viktig forfattarinne dreiv ho ei tid samstundes som musikar og komponist. Musikkerfaringa blei av stor vekt for diktargjerninga ved at den hjelpte henne til å utvikle språkmelodi og verserytme.

I Gedichte (1844) syner ho seg som si tids største kvinnelege lyrikar, sjølv om ho litterært var framom si eiga tid og fekk vente lenge på anerkjenninga.

Annette von Droste-Hülshoff døydde på Burg Meersburg i Meersburg. Ho er gravlagd på Meersburger Friedhof.

Verk endre

  • Gedichte. Aschendorffsche Buchhandlung, Münster 1838.
  • Die Judenbuche. (Novelle utgjeve i tidsskriftet Morgenblatt für gebildete Stände) 1842.
  • Droste-Hülshoff, Annette Freiin von: Gedichte. Cotta´scher Verlag Stuttgart 1844.
  • Westfälische Schilderungen. 1845.
  • Das geistliche Jahr. (diktsyklus), 1818–1820 / 1839–1840 (gutenberg.spiegel.de).
  • Der Knabe im Moor. (Ballade).

Referanser endre

  1. Biografi på balladen.de, henta 26. mars 2013
  2. etter andre kjelder 12. eller 14. januar, til dømes i Biografi i Lexikon Westfälischer Autorinnen und Autoren, henta 27. mars 2013
  3. I ei vitskapeleg avhandling av August Schröder i Beiträgen zur Westfälischen Familienforschung, bind 33–35, 1975–1977 blir 14. januar rekna som mest sannsynleg.

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Annette von Droste-Hülshoff ved Wikisource (de).

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Annette von Droste-Hülshoff